

Bomtur/opptur/nedtur/opptur
Eg hadde fyra meg opp i eitt år. Så, ved Brimi fjellstugu i eit iskaldt mørke slo realitetane inn. Eg har eit ambivalent forhold til dette med å planleggja. Den første fasen er eg svært glad i. Idéstadiet. Stadiet der eg ser føre meg meg sjølv sitjande og gomla på min eigen turmat i Trollsteinkvelven nord om Glittertind. Eg ligg bekvemt i den varme dunposen inne i fjellduken medan ein uimotståeleg solnedgang fortel at natta skal koma med åtte-ti kalde så Grotbrean blir trygg