top of page

Toppliste: 5 skiturar på krevjande 2000-toppar

Når ein har trava rundt i 2000-meterland gjer ein seg opp nokre meiningar om kva toppar ein vil attende til og kva perler som er å anbefala for andre. Så her er nokre lister over mine favorittar.


Merk at ein topptur blir sterkt prega av dagsform, vêr og tilhøve, så dette er i høgste grad subjektivt. I tillegg prøver eg å tilgodesjå dei litt mindre kjende toppane ein tanke, sjølv om mange av klassikarane er uunngåelege å ta med.


Dei lange og litt krevjande skiturane kan bli nokre skikkelege våreventyr, men ein skal vita kva ein driv med; ras, breglepper og utglidning er farar når ein går bratt på snø. Så her kjem nokre skiturtips med litt krevjande destinasjonar – nummer ein er altså den eg likar best:


5. Vestre/Vestraste Hestbreapiggen

Vestraste Hestbreapiggen under turen dit heilt på tampen av mai 2016; heile toppen er ein veldig flott rygg.
Vestraste Hestbreapiggen under turen dit heilt på tampen av mai 2016; heile toppen er ein veldig flott rygg.

Breheimen er eit flott område for lange skiturar, her kan du også gå i dagevis utan å møta ei sjel.

Eg hadde eigentleg ikkje dagen då eg var på Vestre og Vestraste Hestbreapiggen. Ruta mi gjekk frå Nettosetre og det var langt inn til foten av Vestraste Hestbreapiggen; siste biten før ein byrjar på ryggen går over ein slak bre. Det er fjellski som gjeld her, med andre ord.


Men det var veldig fint å gå på ryggen (utan ski) over Vestraste, bort til Vestre og attende. Eg hadde kveldssol og hugsar korleis humøret steig veldig då eg stod og keik utover Breheimen. Så sklei eg ned til Trulsbu i tussmørket – ei flott, lite besøkt DNT-hytte i ein trong dal som absolutt er verdt å sjekka ut.


4. Bukkehøe

Bukkehøe er svært karismatisk, her sett frå Tverråbreen på turen dit og over nokre Bukkeholstindar i mai 2016.
Bukkehøe er svært karismatisk, her sett frå Tverråbreen på turen dit og over nokre Bukkeholstindar i mai 2016.

Ein av dei mest karismatiske toppane i Jotunheimen; Bukkehøe med sitt slakt hellande topplatå før det stupar loddrett ned mot Nørdre Illåbreen og Tverråbreen.


Frå Geitsætre i Leirdalen er det fleire ruter til topps, og det er ikkje verken kjempelangt eller problematisk, men ein god del høgdemeter. Ein jamn og fin tur der ein kan stå i eitt renn nedatt – eg ville ha gått for randoskia her, men fjellski funkar også.


3. Store Hellstugutind

Store Hellstugutind sett frå Nestsøre då eg var på begge påska 2022.
Store Hellstugutind sett frå Nestsøre då eg var på begge påska 2022.

Hellstugubreen er kanskje min favorittbre av alle. Den stig akkurat passe mykje og jamt frå 1500 moh til 2000 moh, og dei spisse Hellstugutindane skyt opp på vestsida, på austsida er det diverste Vestre Memurutindar.


Alle Memurutindane er greie å gå på ski, med unntak av Nordre – til Midtre, Store og Nestsøre går det breslukter heilt opp til ryggen som gjev fin tilkomst. Søre er fin å gå frå skaret mot Hinnåtefjellet, heilt i enden av breen. Både rando og fjellski funkar.

Eg kunne like godt å lagt inn Midtre Hellstugutinden her som Store; det er noko lenger til sistnemnde, og så er no Store ei gong Store, då. Siste høgdemetrane opp frå breslukta til ryggen er bratte, det er ei bregleppe ein skal vera obs på her ved lite snø; og ein må kanskje ta beina fat – det må ein uansett opp ryggen. Men det er ikkje problematisk.


Eit mektig fjell i mektige omgjevnader.


2. Store Ringstind

Ringstind er utruleg flott sett frå oppstigninga av Ringsdalen; her var eg for fjerde gong på ski i mai 2016.
Store Ringstind er utruleg flott sett frå oppstigninga av Ringsdalen; her var eg for fjerde gong på ski i mai 2016.

Ein av dei mest populære lengre skiturane i Jotunheimen, og det er veldig forsteåeleg kvifor.


Inn Ringsdalen er litt transportetappen, men det er no fint her også. Ein tek seg opp austflanken og det er eit bratt parti her der skia må av; kan vera litt småekkelt for den som ikkje er vand til slikt. Når ein kjem oppp her tek Store Ringstind seg vanvittig godt ut med det loddrette stupet mot sør.


Så går ein inn på breen, følgjer denne innunder Austre og Midtre Ringstind og så til topps. Det er ikkje vanskeleg på noko vis, men breglepper her og der og ganske bratt på slutten, så her tek dei fleste av seg skia.


På toppen kjem ein tett på Store Austabotntind og i andre retningen har ein heile resten av Hurrungane. Stort vakrare kan det ikkje bli.


1. Gjertvasstind

Heile massivet mellom Gjertvasstind til venstre og Nordre  Skagastølstind til høgre med Skagastølsryggen og Styggedalsryggen mellom; dette var siste turen i prosjektet 1. september 2022. Den einaste av desse som kan kallast ein skitopp er altså Gjertvasstind, men den er jammen fin også!
Heile massivet mellom Gjertvasstind til venstre og Nordre Skagastølstind til høgre med Skagastølsryggen og Styggedalsryggen mellom; dette var siste turen i prosjektet 1. september 2022. Den einaste av desse som kan kallast ein skitopp er altså Gjertvasstind, men den er jammen fin også!

Dette er ein dryg tur, men gubbevares kor flott.


Den kortaste ruta frå veg er inn Helgedalen, inn til Styggedalsbreen, opp nedre, slakaste delen av denne, og vidare opp den bratte slukta (må kanskje nyttast stegjern øvst) som endar sør for topp 1838.


Ein går så inn på Gjertvassbreen; her er det fleire rutemoglegheiter – eg har berre gått den nest austlegaste brearmen; det er bratt uansett kva ein gjer, og stegjern må så og seia alltid nyttast. Når ein så kjem seg opp på ryggen er det ganske grei skuring til topps – då eg gjekk opp her på sommaren for første gong no på siste turen i tindesamlinga vart eg overraska over kor mykje klyving det var då. Det merkar ein ikkje på våren; snøen gjer at klyvepartia blir til ein ganske jamn, fin rygg slik eg hugsar det.


Ein enklare men vesentleg lenger variant er å gå inn Helgedalen, over Keisarpasset, skli eit godt stykke ned i Gjertvassdalen, og så ta seg opp att på ryggen der ein ser det let seg gjera, og deretter til topps. Då blir det såpass langt at ein anten bør starta temmeleg tidleg, eller ta med seg telt. Eg tykte også denne varianten var ein flott tur.


For meg vart Gjertvasstind ein skifavoritt første gong eg var der på våren, i 2007, og eg fekk det stadfesta då eg kom att (via den lange varianten) våren 2015. Ein får heile Hurrungane i eitt blikk vestover med Storen som ei kjempe midt i – eg tykkjer dette er den flottaste utsikta i heile 2000-meterland.


Derimot tykte eg ikkje turen var like fin til fots om sommaren, så denne gjer seg best som eit våreventyr i mine augo – men ein skal vita kva ein driv med, for det er langt, og varianten om breane fører med seg mykje bratt bregåing.


Parallelt med tindesamlinga har eg skrive ein krimtrilogi med handling frå Jotunheimen og Sogn. Les meir om bøkene og eventuelt bestill ved å trykka her.



Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page