top of page

Kvifor skriva om dei tinga me fryktar mest?

Det har eg spurt meg sjølv om av og til også.


Heilt frå eg var altfor liten har krim fengja meg. Eg hugsar ein Derrick-episode som skremde vatnet av den vesle guten eg då var; ei dame hang seg fast med den høghæla skoen sin i eit kumlokk, vart påkøyrt og drepen. Eg nekta mutra å gå med høghæla sko i årevis etterpå.


Inspektør Morse vart ein favoritt. Den var intrikat, tok gjerne uventa vendingar og inneheldt litt sære karakterar.

I vaksen alder har det gått mykje i nordisk noir. Broen, Forbrytelsen, Kastanjemannen – dei der.


Det same når det gjeld bøker – eg les utelukkande krim. Har ikkje lese ein einaste roman som ikkje er kriminalroman, trur eg. Det er på grensa til flaut, men det er noko med dette skjeringspunktet i ein god krim der spenning og kjensler møter moral og refleksjon som tiltalar meg mykje meir enn alle andre sjangrar.


Eg trur det er difor så mange les krim – ein kjenner at det moralske kompasset peikar dit det skal når ein sit og håpar ein draps- og/eller -valdtektsmann skal brenna i helvete. Så kjem det gjerne fram meir etter kvart som viser at det vonde som regel blir fødd av eit eller anna, det også – ofte annan vondskap. Det er sjeldan heilt svart-kvitt, heller ikkje i den verkelege verda.


Fiksjonskrim handlar som kjent gjerne om drap, mishandling og valdtekt – det me fryktar mest skal skje med nokon rundt oss i røynda. Og slikt skjer jo der ute, spesielt det siste skjer til og med ganske ofte. Altfor ofte.


Eg har hatt litt ambivalente kjensler rundt å koka underhaldning på desse ingrediensane. Skrudd ganske hardt til har eg også; det har vorte fødd nokre relativt makabre scener når eg har site med PC-en på fanget i sofakroken mang ein mørk kveld dei siste åra.


Målet med det er jo å engasjera lesaren mest mogleg kjenslemessig. Få fram sterk medkjensle med dei som blir råka av desse fæle tinga og tung avsky mot dei fiktive personane som utfører slikt.


Samstundes har eg late meg fascinera spesielt av dei krimforfattarane som klarar å seia noko meir – syna at det kan vera ein mangslungen bakgrunn for at menneske gjer umenneskelege ting. Svenske Camilla Läckberg har vorte min favoritt blant dei store krimforfattarane fordi ho gjer nettopp det – går gjerne mange generasjonar attende i tid for å visa den store samanhengen. Så eg har lånt nokre grep frå krimdronninga, det skal eg innrømma.


Det har vore ideen – at til tider groteskt innhald skal engasjera kjenslemessig og kanskje skapa nokre klare førestillingar om kor fæle nokre av desse karakterane er, for så å pirka i det som ligg under, i det mørke djupet.


For å trekkja nokre parallellar ned frå det ekstreme til dagleglivet; er det ikkje litt slik også i dei små, fredelege samfunna våre? At har ein gjort noko gale, fått rykte på seg for å vera dum, rar eller håplaus så er ein dømt med den merkelappen? Å få fram nyansane, den djupare bakgrunnen, dei andre gode eigenskapane kan ein sjå langt etter då – folk har bestemt seg. Det er vorte svart-kvitt. Ein er i botnen, har ikkje noko fallhøgd – då er det fort at nye, mørke sider kjem fram. Sjølvoppfyllande profeti, som det heiter i psykologien (eg har eit skarve årsstudium i det) – me blir til det andre ventar av oss og behandlar oss som.


Eg hugsar eg og ein kompis «innførte» omgrepet 1000 prosent flaks. Me sat på reinsjakt oppi fjella her og keik utover dei vakre viddene. Snakka om at me var fødde i verdas beste land, i verdas beste bygd; at me hadde (og har) fantastiske familiar og nettverk rundt oss, har aldri opplevd å bli mobba, aldri å bli uglesett, aldri opplevd vald i nære relasjonar, aldri store tragediar tett på. Og at me på den måten var vortne temmeleg normale, unge menneske.


Så møter ein og høyrer om nokre på sin veg som har hatt ei heilt motsett oppleving, har ein heilt annan bakgrunn. Nokre reiser seg, og ein blir frykteleg imponert over det. Andre kjem seg ikkje oppatt, med dei konsekvensar det får.


Desse perspektiva har eg liksom prøvd å mata inn i skribleriane. Om eg har lukkast må gudane vita, det får bli opp til dei som les "Jotunheimens løyndommar" å døma.

Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page