top of page

Tankar mellom tindane: ”Det er bra me er så ulike, elles ville verda ha vore ein kjedeleg plass.”

Store Kvitingskjølen er ein temmeleg "lun" topp

Nokre er massive og runde. Tjomslege. Som Kvitingskjølen. Eller Trollsteinhøe. Eller Galdhøe. Dei er kanskje kjedelege, vil enkelte hevda – men altså ufarlege. Andre står poserande i sin slanke og ranke positur, fulle av særpreg. Som Store Ringstind eller Storen. Lokkar dei eventyrlystne og dristige med innbydande former.

Store Ringstind har ein dramatisk profil

Kor populær ein topp er kjem an på ulike faktorar. Rasletind på Valdresflye tykkjer eg sjølv er ein ganske kjedeleg sak. Utsikta er ikkje all verda, turen middelmådig etter mine mål. Likevel er dette kanskje den toppen over 2000 moh som blir besøkt av flest i løpet av skisesongen, det kan i alle fall ikkje vera mange framfor. Kvifor? Truleg fordi det finst fleire ruter til topps, både for randofolket (så lenge ein klarar seg med moderate utfordringar) og dei som svergar til fjellski. Og ikkje minst er Rasletind svært lett tilgjengeleg. 700 høgdemeter og eit par-tre timar så står ein på toppen. Ei enkel erobring er ikkje til å kimsa av.

Kva er så den mest besøkte totusenmetringen gjennom eit heilt år? Dette veit vel ingen sikkert, men eg vil tru to som ligg heilt i spissen her heiter Glittertind og Galdhøpiggen. Begge er rimeleg lett tilgjengelege heile året, og særskild sistnemnde har det vorte tilrettelagd for at «gud og kvarmann» skal kunne koma seg opp på sommarstid. Også er dei landets to høgaste toppar, det er naturlegvis eit «musst» på CVen for den som er litt interessert i høge fjell.

Galdhøpiggen

Eg har ikkje vore på Galdhøpiggen enno. Ein del stiller seg litt undrande til det når eg fortel eg har vore på drygt 50 totusenmetringar før i livet og (i skrivande stund) over 40 i år.

Greia er at eg har nokre slags fordommar mot fjell med pølsebod/kafé på toppen. VISA-kort kjennest unaturleg å putta i ekspedisjonssekken. Og då blir heile fjellet til dels uinteressant. Ikkje noko for meg, med andre ord.

Dette har eg liksom fått føre meg. Trass i at eg altså aldri har vore der oppe. Ein kjapp konklusjon basert på eit (heller marginalt) element.

Men, ikkje desto mindre typisk. For, sett at du er mann. Kva tenkjer du når du høyrer at ein annan mann er homofil? At han vil prøva å få deg i seng om du tek ein prat med han? Eller i det minste at han er over snittet sexfiksert? Sett at du sat klistra til TV-skjermen 22.juli 2011. Kva tenkte du om hudfargen på og ideologien til terroristen? Før me visste kven Anders Behring Breivik var? Sett at du møter nokon som seier favorittartisten hans eller hennar er Rune Rudberg. Blir du slått i bakken om vedkomande i neste omgang fortel om siste møtet i Mensa?

Slike koplingar dukkar berre opp. Akkurat som då eg pusta letta ut den gongen ein mann med tydeleg aksent la på røyret medan eg forklarde kor herpa Caddyen eg hadde lagd ut som reperasjonsobjekt på Finn faktisk var. Nestemann som ringde heitte Kim og snakka perfekt norsk. Eg vart ivrig på at han skulle få kjøpa bilen. Me avtalte å møtast på Møller Bil Ryen. Kim kom i ein mørk BMW. Etternamnet hans hugsar eg ikkje, men det var ein q, ein z, ein x eller eit eller anna slikt der. Kanskje to. Kim var frå eller hadde i alle fall opphavet sitt på sydlegare breiddegrader. Eit sukk gjekk gjennom meg.

Kvifor er det slik? Eg har utelukkande klipt håret hjå Ari Frisør på Grønland i fire år, også før mitt eige bryllaup. Frisørane er nye landsmenn. Og det er litt uklart kven som er kundar og kven som er frisørar hjå Ari, men eg har aldri gått ut derifrå skamklipt (i alle fall ikkje meir enn eg er vorten skamklipt hjå frisørar som tek tre gonger prisen). Aldri har eg fått att for lite vekslepengar (Ein skammeleg tanke i seg sjølv). Tvert om – det har vore heilt greitt når eg seier eg må springa ut på gata og ta ut 230 kroner fordi det einaste kortet eg har på meg ikkje funkar i bankterminalen deira (Ari tek ikkje kredittkort). Mon tru om frisøren på eit av kjøpesentra i Oslo hadde godteke det. Og eg har ete store mengder uforskamma billeg kebab i Grønlandsleiret utan å få magesjau. Chiliburgaren på ”trendy” Nighthawk på Løkka sendte meg derimot hovudstups over dasskåla den eine gongen eg åt der.

Det er desse skjemaa me har i hovuda våre. Alle har dei. Me funkar ikkje utan slike skjema, dei er berre fylt med litt ulikt innhald og ulike objekt. Adolf Hitler hadde sitt skjema på jødar (og ein del andre grupper), til dømes.

Dette er inga banebrytande tankerekkje, på ingen måte. Me får alle høyra eller ytrar sjølve kor fælt det er å vera fordomsfull. Mange av oss er også klare over at me likevel er det. Og må vera det, for at verda skal stå fram i ein slags struktur. Men å dra med seg alle tilfella der skjemaet vårt kjem til kort i staden for å tenkja at ”jaudå, unntaka finst”, går kanskje an. Så skjemaet er påverkeleg og kan justerast framfor å stå uendra, statisk og rigid. Då kan me også seia at ”det er bra me er så ulike, elles ville verda ha vore ein kjedeleg plass.” I motsett fall må me nesten føya til ”..så lenge andre ikkje er ulik meg sjølv på visse punkt”.

Kim var hyggeleg. Han betalte meir enn nok for vraket av ein Caddy. Kontant.

Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page