top of page

Bomtur/opptur/nedtur/opptur

Eg hadde fyra meg opp i eitt år. Så, ved Brimi fjellstugu i eit iskaldt mørke slo realitetane inn.

Den første "bestigninga" i prosjektet - Vestre Kvitingskjølen 13.februar. Eg har det betre her enn det kan sjå ut av biletet..

Eg har eit ambivalent forhold til dette med å planleggja. Den første fasen er eg svært glad i. Idéstadiet. Stadiet der eg ser føre meg meg sjølv sitjande og gomla på min eigen turmat i Trollsteinkvelven nord om Glittertind. Eg ligg bekvemt i den varme dunposen inne i fjellduken medan ein uimotståeleg solnedgang fortel at natta skal koma med åtte-ti kalde så Grotbrean blir trygg i morgon tidleg. Det blir fint, då kan eg ta Trollsteineggje, Grotbreahesten, Trollsteinhøe og alle dei andre i dette litt avsidesliggjande massivet nordaust i Jotunheimen. Ja, eg ligg ute så klart – eg skal ikkje ha noko plasthinne mellom meg og denne vidunderlege realiteten.

I fase to er eg irritert og/eller stressa. Som regel «og». Det er den praktiske delen av planlegginga. Pakkinga. Eg har aldri vore flink med ting. Ingenting, faktisk. Anten forsvinn det på mystisk vis, elles blir det øydelagd lenge før det burde. Det kan til dels ha å gjera med at eg kjøper mykje ræl – å vera kvalitetsbevisst ligg ikkje til (deler av) slekta. Kombinert med klønete handsaming må det gå som det ofte går.

Difor er eg heller ikkje interessert i ting. Slik utover at eg må ha det for å få gjort tinga eg er ekstremt interessert i. Difor sette eg også ein av dei få og meir kvalitetsbevisste greinene av slekta til å skaffa meg det eg trong til dette prosjektet. Ein fetter som jobbar på Sportsnett – kan det bli betre?

Men så skal eg altså pakka og strukturera alle desse tinga. Då går alt straks i stå. Eg lagar lister, til og med med skrift i ulike fargar. «Dagsturtinga» i ein sekk, «Overnattingsturtinga» i ein litt større sekk og «Kjekt å ha, kan kanskje få bruk for» i ein bag. Det burde vera enkelt. Men likevel kan eg flytta rundt på eit vottepar mellom dei tre einingane fem gonger. Og paret har garantert vorte skild på vandringa. Slik sett burde eg vel eigentleg aldri ha vore sleppt til fjells, spesielt ikkje åleine.

Men eg blir no alltid klar, på eit eller anna vis. Då kjem fase tre. Og den var eigentleg poenget her. Den består av dei siste timane før eg er i gang. Det slår så og seia alltid til, i desse timane kryp denne kjensla seg innpå. Frykt.

Ja, det er verkeleg rart. For eg er så og seia aldri redd verken på turane eller før turane – inntil det er cirka tolv timar att. Då melder alle potensielle og til dels totalt utenkjelege farar seg. «50% låge skyer i tre timar midt på dagen dagen etter i følgje detaljert time-for-time-varsel på yr, ja – akkurat når eg tenkjer å vera på toppen. Og då streikar sikkert GPS-en». « Er det mobilsignal på botnen av Grotbrean, mon tru. Når ein ut med naudpeilesignal?». «Det klyvepunktet på Trollsteineggje kjem eg sikkert ikkje forbi, og då må eg oppatt til sommaren. Då kunne like godt heile røkla venta. Eventuelt fell eg utfor eggen om eg prøver å koma forbi».

Eg veit altså ikkje kvar det kjem frå. Eller kvar det vert av, for den saks skuld. Spesielt brear – ser eg ein bre på eit kart teiknar eg gjerne inn ei 5 kilometer ekstra sløyfe rundt. Og når eg kjem dit traskar eg som regel tvers over, lell.

Tredje helga i januar skulle eg starta på dette prosjektet som, kort fortalt, går ut på å gå alle 2000-toppane i Noreg med primærfaktor minst 50 (185 stk) og helst 100 av dei i år. Vérmeldingane var gode, om enn litt kalde og vindfulle. Men Kvitingskjølen skulle vera eit snilt 2000-metersfjell, så eg køyrde opp på Brimi fjellstugu etter ei kort natt hjå Onkel Sander & co. «Du får rå deg sjølv» sa han med foldar i panna kvelden før ettersom yr.no viste rundt 25 minus og 8-9 sekundmeter.

På Brimi Fjellstugu var det kaldt og mørkt klokka 0715 den 16.januar. Ein isande sno dreiv over slettene og tåka låg delvis over det eg meinte måtte vera Kvitingskjølen. Renate sendte MMS med bilete av Simen (då snart 2) ved frukostbordet med ein biopeis som eit sentralt element i biletet.

Eg drog fjellskia ut av bilen og smurde på grøn Swix med kalde fingrar, gjekk ein føremålslaus runde rundt bilen, løfta opp skia, heiv dei innatt i kasserommet og køyrde frå Brimi fjellstugu. Det kjendest heilt håplaust og enda med ein langrennstur i staden. Ca 70 mils køyring frå og til Oslo med ei langrennssløyfe som resultat i januar er ikkje det heilt store.

Dei komande vekene fekk eg konstatert ein meniskskade i venstre kne. Og jobbsiuasjonen endra seg så eg ikkje fekk på langt nær så mykje tid til dette som eg hadde tenkt (Eg hadde på dette tidspunktet fått 50% permisjon frå eksisterande jobb i fem månader, men så vart det til at eg fekk ny jobb for å flytta heim til Vestlandet..

Til no hadde eigentleg ambisjonen vore å gå alle på eitt år. No var ikkje det snakk om lenger. Då kom talet 100 - spektakulært blir det uansett ikkje, ettersom Stabell alt har gjort det, og ikkje minst Arne Mæhlen som gjekk alle 2000-meterstoppane med primærfaktor minst 10 i 2008 (386 stk).

Meniskskaden vart utreia. Den har truleg vore der sidan eit noko overivrig hopp i alpinanlegget på Filefjell ei gong ganske tidleg i tenåra. Eg har levd heilt fint med den i minst femten år og ganske sikkert eit sekssifra antal høgdemeter. Eitt år og nokre titals tusen høgdemeter til må den no klara. Jobbsituasjonen vart gjort det beste ut av – eg ordna meg fri i heile mai månad. Jau, 100 kunne kanskje gå med litt flaks og god moral/disiplin.

13.februar var eg tilbake i Gudbrandsdalen. Onkel Sander verka mindre skeptisk til véret. Eg følte meg meir klar. Så Vestre og Store Kvitingskjølen, samt Besshøe, vart gjort greitt unna i løpet av helga. Definitivt opptur.

Så var det desse vermeldingane. Når reinsjakt og toppturar er det store i livet blir ein drilla på yr og storm. Men utlærd blir ein visst aldri. Eit par av helgene vidare i februar og mars såg litt slik halvvegs ut på vermeldingane. Då håpar ein også at det blir minst så dårleg så ein ikkje ergrar seg over å droppa turen. I slike høve er webkamera noko herk. For når yr har vist låge skyer til helga veka før - og webkamera på Spiterstulen, Leirvassbu, Galdhøpiggen skisenter, Sognefjellshytta og Sota Sæter viser blå himmel kvar fordømte time står ikkje Gislefoss & co høgt i kurs. Nedtur.

Denne "bakken" vart for mykje for Vaneoen. Isøksa redda meg frå ein kjip telefon til Falck - ved å hogga opp spor fekk eg kassa ut av vegen der den stod hjelpelaus ein times tid. Det vart ca 7 kilometer ekstra. Men når enden er god og alt det der..

Ein månad seinare slo véret verkeleg til. Spiterhøe ein dag etterfulgd av ein dag med gråvér og fellesstart i VM i skiskyting. Så ein dag på Midtre Høgvagltind med 6-7 kilometer ekstra ettersom Mercen ikkje takla isen i ein marginal bakke i Leirdalen etterfulgd av ein dag over Ryggjehøe og ned på Glitterheim, så siste dag over Natugardsoksle, Nautgardstind, Stornubben og Austnubben. Opptur.

Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page