top of page

Fjell- og bygdekrim

Mumiane.jpg

Berdalsbreen. Den buktar seg nedover det grå landskapet, endar i eit turkist brevatn. Det finst noko her. Ein løyndom.

 

Indre Sogn. Vakre dalar, rik historie. Mørke sjeler med mørke handlingar. Som dei desperat prøver å skjula. Men to gjev aldri opp.

 

I Jotunheimens løyndommar III - Mumiane møter du noko av dette.  Boka blei gjeven ut i oktober 2022, og er ein avsluttande oppfølgjar til Einstøingen og Kameleonen

Til saman utgjer desse tre bøkene trilogien Jotunheimens løyndommar.

klikk på omslaget 
for å bestilla bøkene!
 

Prisar:

  • 200 kr. for 1 stk Mumiane

  • 150 kr. for 1 stk Einstøingen eller Kameleonen

  • 300 kr. for 2 stk 

  • 400 kr. for 3 stk 

..deretter 100 kr. pr bok​

Nokre harde fakta om Jotunheimens løyndommar III - Mumiane

Forlag: Seltabok ("einmannsforlag")

Sidetal: 248

Utgjeven: Oktober 2022

Omslag: Pocket

Det er nesten eit musst å ha lese Einstøingen og Kameleonen før ein les Mumiane.

Vil du vita litt meir om bøkene? Her får du først eit kort samandrag og deretter eit utdrag frå alle tre:

Mumiane

 

Samandrag:

Ein mann går oppover steinura. Forstår at dette blir siste reis.
 

Merete Koren er degradert.Men ho gjev ikkje opp. Funnet av kroppane fangar henne.
 

Ein gamal kjenning dukkar opp. For så forsvinna. Over på andre sida.
 

Løyndommane blir avslørte, ein etter ein.
 

Til slutt står berre den siste att. Den største. Den verste.

Utdrag:

Framfor han låg berre stein. Eit fjell av stein med mindre steinar oppå. Grått, goldt og gufsete. Som hans eige liv. Andre såg på han som ein vellukka mann. Flink i yrket sitt, stort hus, feit bil, litt C-kjendis, bemidla. Men «andre» kjende han ikkje veldig godt. Ingen kjende han veldig godt. Kyrkja kom til å vera nesten tom under gravferda hans. Nokre kollegaer og slektningar ville vel møta opp fordi dei burde.  Men ingen ville fella ei tåre.

              

Om ei veke ville den finna stad. Gravferda.

 

Screen Shot 2019-08-29 at 22.18.52.png

Kameleonen

Nokre harde fakta om  Jotunheimens løyndommar II - Kameleonen:

 

Forlag: Seltabok ("einmannsforlag")

Sidetal: 300

Omslag: Pocket

Utgjeven: September 2019 

 

Vil du vita litt meir om boka? Her får du først eit kort samandrag og deretter eit utdrag:

Samandrag:

Fangsten den tyske fiskaren får i Lærdalselvi er av det makabre slaget.

 

Den eldre mannen som nyt solnedgangen over Lærdalsfjorden høyrer det raslar i skogen.

 

Einstøingen Espen Furu får hyggjelege visittar på hytta si ved foten av Hurrungane, men slit

med å kutta ut jakta på sanninga om eiga fortid.

 

Lensmann Merete Koren og hennar kollegaer grev seg stadig djupare ned i saka. Kva skjedde

eigentleg i Utladalen midt på 70-talet, og har dette noko med det som skjer i 2019 å gjera?

 

Til slutt blir det ein kamp for å overleva.

 

Utdrag:

Det var heilt mørkt. Han visste ikkje kvar han var. Men han sat openbert på ein stol. Ein hard trestol, så vidt han kunne forstå. Hendene var bunde fast bak, inntil spilene stolryggen bestod av. Føtene klarte han ikkje rikka, dei verka bardunert til golvet.

 

Hovudet hamra og banka. Når han rynka i panna kjendest det ut som eit størkna lag med noko krakelerte. Blod, rekna han med. Dessutan var han naken.

 

Han prøvde å memorera. Det siste han var heilt sikker på at han hugsa, var at han gjekk og la seg etter å ha ete sein middag og sett på TV. Han hadde gått åleine til sengs den kvelden. Hugsa han ein lyd før alt vart heilt svart? Kanskje. Det var diffust. Men nokon hadde openbert slått han i svime og teke han med hit, kvar han no enn var.

 

Kva skulle skje no? Skulle han døy?

Screen Shot 2019-08-15 at 10.47.30.png

Einstøingen

 

Nokre harde fakta om Jotunheimens løyndommar - Einstøingen:

Forlag: Seltabok ("einmannsforlag")

Sidetal: 300

Omslag: Pocket

Utgjeven: November 2016 (Første opplag)

 

Vil du vita litt meir om boka? Her får du først eit kort samandrag og deretter eit utdrag:

Samandrag:

Adrian (6) finn far sin død heime på garden i Lærdal.

To søstrer i tenåra forsvann sporlaust for nitten år sidan

Ei ukrainsk prostituert har vore i Lærdal, men det er eit halvt år sidan sist ho gav livsteikn frå seg.

Ein einstøing som bur ved foten av Hurrungane fattar stor interesse for sakene. Eller saka.

Gamle løyndommar, skjulte vennskap og undertrykte minne byrjar å bobla opp.

 

Indre Sogn og Hurrungane - meir fredfulle stader finst ikkje. Til førjula 2016. 

 

Utdrag:

Han sprang gjennom snøen. Naken. Pusten kveste bak han. Tungt, grådig. Han såg seg over skuldra. Glimet frå månen kasta svarte skuggar i det grå lyset. Frå hytter, toppar, tre og han. Mannen. Skuggen hans kom nærare. Raskt. Dei lange beina gjorde at mannen kunne setja føtene i annakvart spor. Det gjekk dobbelt så fort. 

Han kjende ikkje føtene sine. Kjensla fraus vekk. Eitt steg til. Utan å kjenna. Eit nytt. Gjennom snøen. Snøen han lagde englar i. Snøen han lagde hoppbakke av. Snøen han rulla i hop til tre kuler og sette flosshatt på. Snøen som stoppa han. 

Pusten nærma seg. Den vart djupare. Meir grådig. Han svaia og la hovudet mot skulderblada. Den stjerneklare himmelkvelven blenkja. Med handa utstrekt kviskra han mot dei. ”Ta meg med, ta meg med. Eg vil bort!” Dei peip tilbake. Raskt, høgfrekvent. 

 

Ei hand greip om livet hans. Ei annan om munnen. Han måtte pusta med nasen. Gjennom strikkevottane kjende han tobakkslukta. 

 

Mannen løfta kroppen opp og drog han rundt. Det var ikkje håp. Om dei berre gjekk for langt, overdreiv, så han fekk dø. Dei kom ikkje til å gjera det. Fordi liv var heile poenget. Levande døde.

     

Han prøvde å sjå ansiktet. Nei. For mørkt.

     

Mannen tok han med. 

bottom of page