top of page

Toppliste: 5 sommarturar på krevjande 2000-toppar

Når ein har trava rundt i 2000-meterland gjer ein seg opp nokre meiningar om kva toppar ein vil attende til og kva perler som er å anbefala for andre. Så her er nokre lister over mine favorittar.


Merk at ein topptur blir sterkt prega av dagsform, vêr og tilhøve, så dette er i høgste grad subjektivt. I tillegg prøver eg å tilgodesjå dei litt mindre kjende toppane ein tanke, sjølv om mange av klassikarane er uunngåelege å ta med.


Me held fram med mine fem favorittar som kan klassifiserast som krevjande sommarturar – nummer ein er altså den eg likar best:


5. Skardstind

På Skardstind i juli 2022 med min finske toppturkompis Jukka
På Skardstind i juli 2022 med min finske toppturkompis Jukka

Noregs 5. høgaste topp er ein variert tur med masse artig klyving. Her er det rett på sak med ein bratt, men enkel sti nærare 1000 høgdemeter opp frå Leirdalen. Så kjem den mest keisame delen av turen – Dumhøe-platået er ein steinørken over fleire kilometer; ei rein transportetappe.


Skardstind er kjent for dei fire klyvehamrane på ryggen opp mot toppen, og klyvinga her er variert, kurant og fin. For min del var det eitt punkt på den første og lengste hammaren eg bala ørlite på, men aldri så det var ekkelt.

Utsikta er fenomenal, kanskje den råaste eg har sett utom Hurrungane. Du kjem så høgt her, og Skardstind ligg meir midt i Jotunheimen enn dei fire som er høgare. Ein kan gjerne spandera på seg ein avsikkar bort på Nåle også; den ser kinkig ut frå alle vinklar, men her går eit hyllegalleri som gjer at det berre er å spasera opp.


4. Store Knutsholstind

Nydeleg utsyn frå Store Knutsholstindsørover mot Bygdin, Torfinnstindane og Kalvehøgde i juli 2020
Nydeleg utsyn frå Store Knutsholstindsørover mot Bygdin, Torfinnstindane og Kalvehøgde i juli 2020

Ein klassikar som levde opp til forventingane og vel så det. Eg gjekk sørryggen frå Vesle Knutsholstind etter å ha teke meg opp det mest markante draget frå Svartdalen, og det var verkeleg fint – litt spennande klyving på to punkt litt før toppen; først over eit sva, så på ryggen, men ikkje veldig vanskeleg i tørt vêr.


Også her er utsikta framifrå, spesielt sørover. Eg gjekk normalruta nedatt i vestflanken - den er uproblematisk på den tekniske sida, men det er bratt og laust, så ein må vera forsiktig. Ruta over sørryggen er eigentleg mykje finare.


3. Søre Dyrhaugstind

På veg mot Søre Dyrhaugstind i juli 2021.
På veg mot Søre Dyrhaugstind i juli 2021.

Store Dyrhaugstind er mest kjent, men turen opp hit frå Turtagrø er eigentleg litt keisam i seg sjølv. Traverserer ein derimot til Søre Dyrhaugstind har ein mykje artig høgalpint terreng under føtene. Dette er kanskje den ryggen i heile prosjektet eg vart mest positivt overraska over; litt luftig, ein del klyving, men aldri så teknisk at eg følte trong for tau – og eg er ingen stor klatrar. Det var berre artig.


Det er fint vidare til Nestnørdre Midtmaradalstind også, men då blir turen så lang at det er freistande å ta seg ned i Ringsdalen via breen som ligg under skaret mellom Søre Dyrhaugstind og Nestnørdre Midmaradalstind. Det gjorde me, og det var ikkje noko særleg – utruleg laust før me kom ned på breen, bratt bakovergåing i øvste del av breen og småplundrete å finna stien ned i Ringsdalen.


Så mitt tips er å stoppa på Søre Dyrhaugstind, då får ein verkelege in kremtur.


2. Store Austabotntind

Store Austabotntind på tampen av august 2022; Store Ringstind stikk majestetisk opp i bakgrunnen.
Store Austabotntind på tampen av august 2022; Store Ringstind stikk majestetisk opp i bakgrunnen.

Er dette den vakraste 2000-meterstoppen å sjå på? Det kan ikkje vera mykje om å gjera; med dei tre karismatiske puklane er Store

Austabotntind noko for seg sjølv.


Turen opp hit er variert og fin. Litt småklyving her og der, så sikrar ein gjerne over det karismatiske skråsvaet i nedre del av vestflanken, men på tørt føre vil nok mange tindevande vera bekveme med å gå usikra over her også. Oppe på ryggen går det litt i same tralten; småklyving, nokre litt luftige punkt, men det blir aldri ekkelt.

Dei langsgåande steinblokkene ut på toppunktet krydrar det heile, og sjølvsagt er utsikta framifrå; det turkise vatnet under Berdalsbreen gjer også sitt til å fullenda magien.

1. Store Skagastølstind

Tindesamlinga vart avslutta 1. september 2022 på magisk vis på Storen med utsikt mot andre favorittar som Austabotntindane, Store Ringstind og  Soleiebotntindane
Tindesamlinga vart avslutta 1. september 2022 på magisk vis på Storen med utsikt mot andre favorittar som Austabotntindane, Store Ringstind og Soleiebotntindane

Det er nesten litt nedtur å setja Storen på topp, for det er liksom så sjølvsagt. Men sidan eg fullførte tindesamlinga med nettopp Storen på ein heilt eventyrleg dag med ei byrjande kveldssol i vest klarar eg ikkje lata vera.


Eg og guiden, Trond Olav Glimsdal, kom frå Vesle Skagastølstind, og hit kjem ein anten via Styggedalsryggen – som me gjorde – eller Skagastølsryggen. Ryggen til topps frå Mohns skar består av klyving som er sånn i grenseland mellom kva dei litt røynde vil sikra og ikkje – vanskeleg er det på ingen måte. Men ein har lagt bak seg ei god etappe med meir klatreaktig klyving uansett om ein kjem frå Skagastølsryggen eller Styggedalsryggen, og sistnemnde er ein dryg tur.


Eg skal ikkje uttala meg så hardt om normalrutene frå sør, som består av litt meir tekniske klatrepunkt – eg gjekk ruta via Vigals sva i 2006 og hugsar akkurat knepet ved svaet som litt ekkelt. Men med dei mange dyktige førarane ein kan leiga i dag kjem no relativt uerfarne fjellfolk seg til topps også her.


Det er nokre mindre rappellar og ein lang rappell nedatt – den lange er skikkeleg fin om ein er bekvem med slikt; det veldig ryddige og rette berget ein rappellerer mot gjer at det skal godt gjerast å få pendel her.

Så det er ikkje vanskeleg å forstå at Storen har ein heilt eigen status i 2000-meterland


Parallelt med tindesamlinga har eg skrive ein krimtrilogi med handling frå Jotunheimen og Sogn. Les meir om bøkene og eventuelt bestill ved å trykka her.


Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page