top of page

Tankar mellom tindane: Bygdedyret

Reinen går i flokk. Meiner ein rein det er fare på ferde følgjer dei andre etter. Elles er ikkje menneske og reinen så like.

Området rundt Leirungsdalen er vakkert. Her frå Tjønnholstinden mot diverse Skarvfly, Leirungs- og Knutsholstindar

Denne helga var eg tilbake i Leirungsdalen. Eg likar meg her. Kvasse tindar og rundare fly om kvarandre.

Eg "oppdaga" denne dalen pinsa 2009. Då gjekk eg inn til flata i bakkant av Raudhamran og slo opp teltet for å ha eit godt utgangspunkt til dei komande dagane. Medan eg bala med mitt nesten 20 år gamle Helsport "eit- eller-anna" eg ikkje hugsar i farten, kom ei elgku travande forbi. Eg trur det var ei ku, i alle fall - trass i at eg er ein ivrig jeger har eg eit kjøleg forhold til elg. Den ser ut som ein villsvinkropp på fire stylter med altfor lang snute. Det har sikkert med at eg er vestlending å gjera. Elgen er liksom austlandet sin.

Frå "oppdaginga" av Leirungsdalen i 2009

Som ihuga darwinist veit eg at desse styltene og denne snuten har sine funksjonar. Styltene kombinert med breie klauver gjer at den taklar austlandssnøen betre. Og snuten gjev den nokre ekstra centimeter for å nå opp til maten. Slik er det også med reinen, som er dyret "mitt". Det er denne villskapen. Sansane. Dei reine urinstinkta.

Det finst mange andre gode kandidatar til favorittdyr også, så klart. Slik utifrå kriteria. Jerven, for eksempel. Eller ulv. Eller rupa, for den saks skuld. Dei to første har eg ikkje møtt, så det kan eg ikkje uttala meg om. Dessutan kjem eg frå eit slags sauebruk og kjenner ein del sauebønder, og eg vil ikkje gjera meg vene- og/eller arvelaus. Rupa på si side provoserer ingen. Men eg får ikkje til å ta den heilt seriøst, av ein eller annan grunn. Det er vel noko med fjernt og nært slektskap – skapningar som kan flyga eller symja under vatn klarar eg ikkje å identifisera meg med. Sjølv om eg misunner dei desse eigenskapane.

Eg likar reinen betre enn vica versa - av openbare årsaker. Frå 2008.

Men tilbake til Darwin; reinen likar ikkje meg. Openbart - eg og mine forfedrar har jakta på den i titusenvis av år. Og ein del andre rovdyr. Reinen lever altså i ope terreng. Den kan ikkje skjula seg i skogen, som elgen og hjorten. Difor opptrer den i flokk. Fleire augepar til å sjå potensielle farar, fleire snutar som luktar. Dessutan kan dei beskytta kvarandre. Særskild når dei merkar dei blir jakta på, flokkar dei seg. Difor er som regel dei første dagane av reinsjakta dei beste - då går dei meir spreidd i små flokkar som er enklare å jakta på.

Med andre dyr er det annleis. Menneskets beste ven, til dømes. ”Funksjonen” til ein hund er langt på veg nettopp det – å vera ven. Jada, den gjer anna nytte for seg også – held vakt, sporar elg, fører blinde, og så vidare. Men mest av alt er hunden ein ven nesten på lik linje med eit anna menneske. Mange av hunderasane er ikkje avla fram for noko anna enn nettopp det - difor har nokre av dei også beint ut dysfunksjonelle nasar, augo, fasong osv.

Men eg har faktisk klard å pådra meg ein ”hunde-uven”. Det er litt rart for meg – eg har lite uvener elles. Som eg veit om, i alle fall. Og det kan vera gale nok – uvener ein ikkje veit om er noko herk. Men det skal eg koma tilbake.

I alle fall; me har ei historie, eg og denne hunden. Bikkja. Kjøteren. Bestemor mi kjøpte den i si tid. Ho hadde det med å gjera nokre mindre gjennomtenkte impulskjøp av og til. Mellom anna denne smånervøse, distré bikkja. Tinka, som ho heiter. Tinka skulle erstatta Dixie. Ei slags svart tønne på fire pipestilkar med flaggermusansikt (ein "Schipperke"). Dixie hadde lite sans for mosjon og tilsvarande stor appetitt for kaker. Som herren så hunden er ikkje heilt skivebom, for å seia det slik. Med Tinka (ein "Hovawart") var det motsett. Difor kunne ho heller ikkje ha passa dårlegare. Så Tinka fekk til dels utløp for mosjonsbehovet i hagen. Der kom eg inn.

For – bestemor mi skulle eit eller anna. Og fekk ikkje bikkja i hus. Så ho måtte reisa, og eg fekk i oppdrag å få inn bikkja. Eg skulle eit eller anna, eg også. Så det måtte gå fort. Og me hadde vore gode vener i våre første møter. Det burde gå greitt.

Tinka ville det annleis. Me krinsa rundt kvarandre nokre rundar. Tinka er på ingen måte nokon Rex (for dei som hugsar han), så etter kvart fekk eg sirkla henne inn halvvegs oppe på trappa, ein god meter frå døra. Då innsåg ho at ho var trengt inne i eit hjørne og gjorde eit utras mot høgre. Instinktivt kasta eg meg etter i full strekk (instinktivt fordi eg har vore borti ein del slike situasjonar med rømd/sanka sau som nesten er innanfor porten). Eg heldt tak i hoftepartiet. Tinka stira stritt tilbake. Hundeaugo var fylt med redsel. Så eg sleppte, og hunden forsvann i full fart rundt hushjørnet. Eg fann henne att på baksida. Der går ei trapp opp på verandaen. Ein kjem ikkje opp på eller ned frå verandaen på anna vis enn via den. Tinka tok trappa. Og tapte i den augneblinken slaget.

Trudde eg. Då eg nærma meg bikkja innst på verandaen la ho framlabbane på gelenderet og småhoppa. Det er fire meter ned til fast grunn. Eg rygga tilbake

Slaget var tapt. For min del. Eg ringde brutteren og bad han få inn dette jævla kreket bestemutra hadde kjøpt – eg måtte koma meg av garde på det eg skulle. Ti minuttar seinare ringde han opp att og melde om utførd oppdrag. Han lokka henne med ein godbit. Eg var cirka tjue på dette tidspunktet. Han cirka ti.

Tinka lever framleis. Onkelen min tok hand om henne og bestemutra kjøpte noko som likna meir på Dixie. Me møtest nokre gonger i året, eg og Tinka. Ho krinsar rundt meg som ein ulv kvar gong eg viser meg. Utstøyter usikre boff. Småspring. Skvett til om eg gjer ei, for henne, uventa rørsle. Eg har prøvd alt – gått tur med henne. Resultat: Ho prøver å flykta. Som om eg skal føra henne utfor eit stup. Eg har kosa med Beauty, vår eigen Berner Sennen, framfor augo hennar. Resultat: Ho krinsar rundt og boffar: ”Pass deg! Han innyndar seg berre for å i neste omgang kunne gjera noko fælt. Garantert.” Eg har gjeve ho godbitar. Resultat: Ho skyr unna, som om eg skulle ha forgifta det. Etter kvart har eg berre gjeve opp og ignorert heile kjøteren

Verken eg eller Tinka er del av same flokk, som reinen. Om så hadde vore, måtte den av oss med lågast rang i flokken ha funne oss ein ny. Om det fanst.

På bygda er det slik. Eg elskar bygda. Har aldri vorte utsett for bygdedyret sjølv - i alle fall ikkje alvorleg. Men eg har sikkert fora bygdedyret med min eigen kjeft, me gjer det som regel utan at me veit om det.

Synet og lukta er først og fremst sansane reinen brukar til å oppdaga fare.

For den består av flokkar, bygda. Og ofte ein hovudflokk. Kjem ein i unåde, har ein tapt. Fordi ein gjorde den vesle tingen feil den eine gongen. Eller, den tingen flokkleiaren ikkje aksepterte. Eller noko som vart tolka av ein eller annan. Tolka som feil eller upassande. Utan at ein eller annan visste kva som låg bak.

Veldig få veit kva som ligg bak eit motiv. Det er som regel ei lang rekkje hendingar, ofte ei heil historie. Ei historie berre ein sjølv kjenner. Ein eller annan ser ein flik av historien. Så blir fliken det uomtvistelege faktumet. Det uomtvistelege faktumet spreier seg som eld mellom trehus. Driven av vinterstormen frå aust. Den er ustoppeleg. Tilbake ligg ruinar.

Ein prøver desperat å retta opp det ein gjorde. Eller det andre meinte ein gjorde. Prøver å forklara motivasjonen, kva som eigentleg låg bak. Historien. Det endar med nye feilsteg. Ein får fleire uvener. Dei som framleis snakkar med ein, snakkar om ein i flokken. Til slutt orkar ein ikkje meir og leitar heller etter ein ny flokk. Det er heller ikkje lett. Slike flokkar blir heller færre enn å gje nye innpass.

Alle kan ikkje lika alle. På langt nær. Men det er kanskje mogleg å tenkja seg om ei gong ekstra før ein kastar dommen. Eller gje nokon ein sjanse eller to til.

Elles er eg redd flokken døyr ut.

 
Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 av Ole Ramshus Sælthun.

bottom of page