top of page

Tindesamling

Under finn du oversyn over 2000-meterstoppane underteikna har samla, alle 184 som finst på fastlands-Noreg (primærfaktor minst 50)  i perioden 2016-2022.

 

Harde fakta pluss ei kort skildring av kva type tur det er til den respektive toppen ligg ved dei aller fleste toppane. Skildringane er ikkje veldig detaljerte og varierer noko i detaljgrad – dette er tenkt mest som ei liste der ein ganske kjapt kan gjera seg opp ei meining om kva topp eller toppar ein tykkjer høyrest passeleg(e) ut utifrå kva type tur ein ønskjer, så kan ein til dømes bla opp i den eminente boka «Norges topper over 2000 meter» gitt ut på Glittertind forlag for meir detaljerte ruteskildringar og innteikna ruter på kart. Toppane det står "video" bak har ei lenkje til ein You Tube - video som skildrar ruta til toppen med tekst, bilete og kart med innteikna GPS-spor.

Riktig god tur!

Samla toppar 2016 - 2020

  • Høgd: 2049 moh.

  • Område: Jotunheimen

  • Mest vanlege utgangspunkt: Hindsæter eller Russlie (begge ca 950 moh)

  • Ruta skildra her: Glitterheim - Nautgardsoksle - Nautgardstind - Stornubben -Austnubben - Russlie

  • Kort skildring: Grei dagstur på fjellski eller til fots frå Hindsæter eller Russlie (ligg ved vegen over Valdresflye før bommen for vinterstenging frå Gudbrandsdalen). Lite eigne på rando pga lang anmarsj. Ypparleg å kombinera med Stornubben og Nautgardstinden, då kan også Glitterheim vera eit utgangspunkt. 

  • Høgd: 2132 moh.

  • Område: Breheimen

  • Mest vanlege utgangspunkt: Nettoseter

  • Ruta skildra her: Frå Geitåbue kombinert med Store og Midtre Hestbreapiggen. Nedatt til Nettoseter 

  • Kort skildring: Grei dagstur. Først og fremst fjellskitur, men greitt eigna til rando også om ein vel ein av dei mest direkte rutene. Ypparleg å kombinera med Midtre Hestbreapiggen, evt. også Store. Sommarstid er det fint å gå ryggen ut til dei vestre Hestbreapiggan også (blir ofte gjort vinterstid også, men blir nokre klyvepunkt då). Rusletur til fots.

Austre Holåtinden

  • Høgd: 2043 moh.

  • Område: Breheimen

  • Mest vanlege utgangspunkt: Sota seter eller Lundadalen

  • Ruta skildra her: Frå Trulsbu kombinert med dei to andre Holåtindan og Hestdalshøgde, ned til Skjellom 

  • Kort skildring: Utilgjengeleg og langt uansett utgangspunkt, med mindre ein tek ei natt på Trulsbu først. Difor er fjellski å føretrekkja vinterstid. Bratt siste biten til topps frå vest, som er alternativet å anbefala vintersid - her vil dei fleste ta av skia, kanskje kan også stegjern/isøks vera greitt ved hard snø. Den minst vintervennlege av Holåtindan. Sommarstid unngår ein bre om ein kjem frå Lundadalen/Trulsbu, kjem ein frå Sota Setere over Vestre og Midtre må ein på bre.

  • Høgd: 2178 moh.

  • Område: Jotunheimen 

  • Mest vanlege utgangspunkt: Fisketjerni (Valdresflye) (1400 moh)

  • Ruta skildra her: Tur-retur Fisketjerni om Rasletind + vidare til V. Kalvehøgde og Nørdre Kalveholotind. 

  • Kort skildring: Kort halvdagstur. Flott fjellskitur, litt slakt og flatt for rando. Rusletur til fots. Fin å kombinera med Rasletind og Vestre Kalvehøgde. 

Austre Leirungstind

  • Høgd: 2288 moh.

  • Område: Jotunheimen 

  • Mest vanlege utgangspunkt: Heimdalsmunnen på Valdresflye

  • Ruta skildra her: Heimdalsmunnen - Leirungsdalen - Tjønnholsoksle - Søre Skarvflytind - Austre Leirungstind - Leirungsdalen - Heimdalsmunne

  • Kort skildring: Ein går inn vakre Leirungsdalen på god sti; utfordringa her er å finna ein grei plass å kryssa Leirungsåe, det er ikkje berre-berre, men det finst nokre moglegheiter rundt «Tyskerplassen». Opp på Tjønnholsoksle er det inga veldig defintiv ruta; her er det berre å gå flanken opp frå Leirungsdalen der det ser greiast ut, så vidare til topps. Ned i skaret mot ryggen mellom Søre Skarvflytind og Skarvflyløyfttind er det slakt og greitt, så kryssar ein den sørvestre fliken av Skarvflybreen, som skal vera sprekkfri. Opp herifrå er det bratt men relativt uproblematisk ur til det lågaste punktet på nemnde rygg, deretter uproblematisk til topps. Ser ein seg nøgd no er det retur same veg, skal ein ta med seg fleire toppar er Midtre Skarvflytind eitt alternativ, men det er mykje opp og ned. Til Austre Leirungstind er det meir rett fram. Opp til Skarvflyløyfttind er det litt plundrete, men ikkje veldig vanskeleg klyving. Over punkt 2260 er det litt luftig og noko enkel klyving. Opp nordaustryggen må ein forsera nokre skråsva som kan vera utfordrande nok når det er sleipt, men for den tindevande skal det vera frykteleg krevjande forhold om ein ikkje finn ein veg over svaa som følest ganske så bekvem. Frå toppen og ned søraustryggen er «walk in the park»; den seigaste stubben her er når ein spaserer langs/i underkant av ein rygg sør for Skarvflybreen; ura her er litt seig. Når ein kjem til den breie ryggen ned sørvest for vatn 1636 blir terrenget lettgått og er det vidare attende til Heimdalsmunnen.

Austre Rauddalstind

  • Høgd: 2086 moh.

  • Område: Jotunheimen 

  • Mest vanlege utgangspunkt: Leirvassbu / (Olavsbu)

  • Ruta skildra her: Leirvassbu – Langvatnet – A. Rauddalstund – Gravdalen – Leirvassbu

  • Kort skildring: Ein følgjer DNT-stien frå Leirvassbu mot Olavsbu og tek av inn til Simledalsbandet. Ein svingar så opp ryggen på vestsida av breen; her kan det vera litt plundrete klyving på til dels bratte sva opp mot høgd 1930 dersom det er vått eller mykje snø. Avslutningsvis vestryggen til topps – det er eit klyvepunkt her som ein meir eller mindre kan unngå ved å gå heilt til venstre på hammaren/skrenten ein elles må klyveklatra; her er det hyller som fungerer nesten som trepper. Det kan vera gunstig å gå nedatt via Gravdalen fordi det er veldig greitt å ta seg ned frå ryggen mellom Austre og Store Rauddalstind nærare sistnemnde enn å gå nedatt svaa under nemnde høgd 1930. Her ligg det også gjerne snø som ein kan skli ned på. Turen blir nok også kortast om ein går via Gravdalen begge veger, i alle fall om ein har sykkel. Storutla kan vera litt plundrete å koma tørrslodd over, men ein kjem greitt over på eit eller anna vis. Mogleg å gå på ski, men fortrinnsvis ein sommartopp ein gjer som ein grei dagstur.

Austre Ringstind

  • Høgd: 2002 moh.

  • Område: Jotunheimen 

  • Mest vanlege utgangspunkt: Tindevegen, i hårnålsvingen om lag to kilometer frå Turtagrø

  • Ruta skildra her: Tindevegen - Store Ringstind - Midtre Ringstind - Stølsmaraldalstind - Austre Ringstind - Tindevegen

  • Kort skildring: Same rute som Store Ringstind (les nærare skildring under den), berre at ein går inn Ringskar, skrår rett mot aust eit par hundre meter, og så rett opp frå sør.  Mest aktuelt som avstikkar på veg til eller frå Stølsmaradalstind på vårskitur, men her bør ein ha stegjern og isøks. Bratt og eit par klyvepunkt, så tilhøva bør vera gode. Mogleg å kombinera med dei andre Ringstindane samt Stølsmaradalstind ved gode tilhøve på våren og bretur sommarstid. Også mogleg som avstikkar frå Midtmaradalsryggen. Ein god halvdagstur åleine.

Austre Torfinnstind

  • Høgd: 2119 moh.

  • Område: Jotunheimen 

  • Mest vanlege utgangspunkt: Torfinnsbu (Båt frå Eidsbugarden eller Valdresflye.

  • Ruta skildra her: Torfinnsbu - Austre Torfinnstind

  • Kort skildring: Halvdagstur om ein berre skal ta Austre, ikkje veldig lang dagstur med fire rapellar om ein skal ta heile traversen. Bratt, men fint og effektivt til foten av massivet. Så held ein eit lite stykkje vest innunder foten før ein vinklar på skrå opp mot aust att. Delvis varda og bratt, men  ein slepp klyving av nokon særleg grad til ein kjem til rennene. Så er det om og gjera å finna rett renne, dette blir den andre mot vest når ein kjem normal veg opp til rennene. Her er det lausare og noko småklyving fleire stader. Følgjer ein renna til topps er det ei blokk på eit par meter som sperrar, her må ein klyveklatra rundt eller over, men sikring er normalt ikkje nødvendig. Det går også ein variant litt lenger vest så ein tek seg ut av sjølve renna rett over 1900-kota, her også med eit klyveklatrepunkt. Siste biten til topps er berre å rusla. Ingen vintertopp.

Bakarste Skagsnebb

  • Høgd: 2093 moh.

  • Område: Jotunheimen 

  • Mest vanlege utgangspunkt: Geitsætre i Leirdalen

  • Ruta skildra her: Krossbu - Bakarste Skagsnebb

  • Kort skildring: Ein topp med mange tilkomstalternativ av ulik lengd, utan at nokre av dei er ein "walk in the park". Vinterstid er det mest vanlege å gå frå Hurrbrean til skaret mellom Hurrbreatind og Bakarste Skagsnebb; derifrå på eggen ut til toppen med eitt punkt der ein omgår eggen på austsida; her krevst gjerne stegjern og isøks. Ein slakare tilkomst er frå Krossbu gjennom skaret mellom Veslefjelltind og Hurrbreatind, litt ned på Hurrbreen, så oppatt i nemnde skar mellom B. Skagsnebb og Hurrbreatind. Eller ein kan gå frå Krossbu, over Hurrbreatind og på eggen derifrå. Det er også den mest vanlege varianten sommartid, elle finst det fleire ruter frå Leirdalen der ein kombinerer med Skagsnebb (sjå skildring under denne)

Bakarste Storgrovhøe

  • Høgd: 2259 moh.

  • Område: Jotunheimen 

  • Mest vanlege utgangspunkt: Ytterdalssætre i Leirdalen

  • Ruta skildra her: Ytterdalssætre - Bakarste Storgrovhøe - Fremste Storgrovhøe - Ytterdalssætre

  • Kort skildring: Ikkje veldig lang dagstur. Ein startar frå Ytterdalssætre som ligg ved brua eit par hundre meter etter ein har køyrt av Sognefjellsvegen mot Leirdalen. Først flatt rett austover og opp ei lita kneik så ein kjem i overkant av Kleivberget. Rimeleg greitt å kryssa Heimre Illåe, kanskje enklast ganske langt ned mot der elva går ned i eit gjel. Opp langs elva; dette er den brattaste kneika på turen, utan at det er frykteleg bratt. Men sti er det dårleg med. Det flatar ut inn mot breen, men moreneunderlaget er ikkje noko stas å gå på; kjipaste delen av turen, eigentleg. På eit eller anna tidspunkt må ein ta opp til venstre ei kort, bratt kneik i laus morene – utan at det er skummelt på anna vis enn at ein kan løysa ut stein, spesielt på tur nedatt. Då er ein oppe på sjølve platået som endar opp på dei to toppunkta; Fremste og Bakarste Storgrovhøe. Slakt og lettgått herifrå, ca 1700 moh. Bør ikkje vera noko trøbbel å gå dei to Storgrovhøene på ski; både fjellski og rando kan vera aktuelt. Problemet er at det som regel ligg veldig lite snø rundt Ytterdalssætre og heile vegen opp til ein kjem mot breen, så i dei aller fleste tilfeller må ein nok bæra skia eit godt stykkje. Mellom Bakarste og Fremste er det ein spasertur på eit kvarter eller så.

1 / 16

Please reload

Samla toppar
2021

  • Gråhøe (Reinheimen)

  • Midtre Rauddalseggje

  • Midtre Skarvflytind

  • Midre Tverråtind

  • Mjølkedalspiggen

  • Nestnørdre Midtmaradalstind

  • Semeltinden

  • Store Dyrhaugstind

  • Store Rauddalseggje

  • Store Tverråtind

  • Søre Dyrhaugstind

  • Søre Sagi

  • Uranostind S2

2022

  • Austre Memurutinden

  • Bruri

  • Gjertvasstinden

  • Memurutinden V1

  • Midtre Hellstugutinden

  • Nestsøre Hellstugutinden

  • Nørdre Svånåtinden

  • Semelholstinden

  • Sentraltinden

  • Skardstinden

  • Skredahøin

  • Store Austabotntinden

  • Store Hellstugutinden

  • Store Langvasstinden

  • Store Memurutinden Østtoppen

  • Store Skagastølstinden

  • Store Styggedalstinden

  • Storstygge-Svånåtinden

  • Vetle Skagastølstinden

Fordi nettsideleverandøren kutta ut den typen liste som dei samla toppane med skildringar var lagt inn i, blir dei siste samla toppane berre lagt inn slik.

bottom of page