

Trygg tur
Dei høge tindane, bratte snørennene og glitrande breane lokkar tusenvis kvar helg heile våren. Skredfare blir mykje omtala, og det er viktig og riktig. Men ein skal ikkje gløyma andre farar. Her er nokre enkle tips som kan gjera turen litt tryggare. For å ta dette med skred heilt kort først; bruk varsom.no! Følgjer ein med her og tek varsel og tips til etterretning er ein godt på veg. Samstundes bør ein vera klar over at det kan vera store lokale skilnader, så ein bør ha god


Tankar mellom tindane: ”Det er bra me er så ulike, elles ville verda ha vore ein kjedeleg plass.”
Nokre er massive og runde. Tjomslege. Som Kvitingskjølen. Eller Trollsteinhøe. Eller Galdhøe. Dei er kanskje kjedelege, vil enkelte hevda – men altså ufarlege. Andre står poserande i sin slanke og ranke positur, fulle av særpreg. Som Store Ringstind eller Storen. Lokkar dei eventyrlystne og dristige med innbydande former. Kor populær ein topp er kjem an på ulike faktorar. Rasletind på Valdresflye tykkjer eg sjølv er ein ganske kjedeleg sak. Utsikta er ikkje all verda, turen m


Det rullande trapeset
Diverre er eg både totalt avhengig av og tilsvarande uinteressert i bil. Det er vel også difor bilen min ser ut som den gjer. Når folk spør meg kva bil eg har seier eg dei må googla. Mercedes Vaneo vart nemleg berre produsert frå 2002 til 2005. Ein kan jo berre spekulera i kvifor. Uansett; når resultatet av googlinga poppar opp på skjermen merkar eg det går dei to sekundane for mykje, før det kjem eit «Sikkert praktisk, da..», «Jøss, det er jo ein Mercedes», «Den der med lykt