top of page

Om prosjekt tindesamling

Det starta eigentleg med noko ganske anna. I 2009 var eg ute på Frønningen heime i Lærdal og intervjua Kristoffer Clausen alias «En vill mann» for NRK Sogn og Fjordane. Han skulle leva ute og av naturen i eit heilt år. Eg tenkte at dette hadde vore noko for meg.

 

No viste det seg at den ville mannen ikkje var heilt vill likevel, men det er ei anna soge. Eg var fascinert av ideen og tenkte det kunne vera gjennomførbart med litt mindre strikse reglar (å kosta på seg medbrakt salt, til dømes). Etter kvart herja tanken i hovudet. Trengde seg på og overdøyvde andre tankar - som burde ha vore viktigare. Kvar dag, mange gonger om dagen.

 

Det vart på grensa til plagsamt. Særskild då realitetane innhenta meg og eg byrja å innsjå at dette var håplaust på dei fleste plan. Samstundes som eg ikkje klarde å sleppa det.

 

Eg tok eit mentalt steg tilbake og stilte meg spørsmålet: «Finst det eit greitt definert prosjekt som inneber (svært) mykje tid ute i naturen i løpet av eitt år som kunne passa meg – utan at eg melde meg heilt ut av livet eg levde?». Onkel Sander og tante Kari i Vågå har ein murstein av ei bok eg er kjapp med å plukka ut av bokhylla når eg er på besøk. «Norges topper over 2000 meter» av Morten og Julia Helgesen.  Eg har gått på ein del 2000-metertoppar før, slik nokon-og-førti. Men å samla målretta hadde eg ikkje tenkt på.

 

Så var det denne fyren Helgesens skreiv om som hadde gått alle 2000-metringane på eitt år. Knut Stabell. Der. Noko slikt kunne vera greia. Svært mykje tid i den vakraste delen av norsk natur eg veit om, og eit prosjekt som burde kunne kombinerast med livet for øvrig, om ein la til rette og prioriterte godt. Kanskje ikkje alle på eitt år - men 100 eitt "prosjektår", og resten etter kvart burde kunne vera mogleg. Kanskje held også primærfaktor 50. Det er framleis snakk om 184 stk. Der landa eg til slutt.   

 

Prosjektet vart  starta på i 2016 og fullført i 2022. Slik vart toppane samla:

2016: 75 stk

2017: 21 stk

2018: 20 stk

2019: 20 stk

2020: 16 stk

2021: 13 stk

2022: 19 stk   

 

Sjå meir under "Samla tindar".

 

Om prosjekt «fjell- og bygdekrim»

Eg er umåteleg glad i krim. Av filmar ser eg stort sett berre thrillerar, av seriar går det i all hovudsak i nordisk noir og bøkene eg les er utelukkande kriminalromanar.

 

Det kan sikkert både verka og vera einsspora. Eg er vel berre slik – ting eg likar, likar eg veldig godt og får eit nærast fanatisk forhold til. Andre ting gjev eg meir eller mindre blaffen i (ingen udelt god eigenskap. Men, men).

Så skal det seiast at ikkje på langt nær alle thrillerar, krimseriar eller -bøker er «top-notch». Det gjeld vel heller unntaket. Ganske mange gonger har eg fullførd ei krimbok og tenkt at dette skulle eg jammen gjort betre sjølv. Sikkert smått cocky, men eg er vel berre slik (også).

 

Så var det denne ideen som kom ramlande ned i hovudet og ikkje ville gje slepp, då. Ideen om eit plott eg meinte måtte vera eit godt utgangspunkt. Så 17.mai 2013 byrja eg å skriva. Eg skreiv og eg skreiv året gjennom – kvar ledige time dukka eg inn i denne verda som eg skapte i mitt eige hovudet og formulerte på papir av ymse kvalitet. I denne verda med dei vakraste kulissane eg veit om – Hurrungane og Indre Sogn – som faktisk finst, kunne eg boltra meg og skapa ei mørk soge. Det var særdeles givande.

 

Etter to års jobb sat eg med eit resultat eg var godt nøgd med. Om eg skulle ta steget og gje dette ut hadde eg ikkje bestemt meg for enno. Så fall ein ny idé ned i hovudet – eg kunne jo faktisk kopla dei to prosjekta. Laga ei felles nettside der eg synte fram det eg ville laga utav tindesamlinga og selja boka same plass. Det hadde eg ikkje tenkt på før. Dessutan driv eg med grafisk produksjon og bestiller alt av opptrykk på jobben, så den biten kan eg litt om.

Slik vart boka Jotunheimens løyndommar - Einstøingen til. Den gav eg ut i 2016. Så byrja eg å skriva ein oppfølgjar. Det vart til Jotunheimens løyndommar II - Kameleonen, som eg gav ut i 2019. Til slutt skreiv eg også ei tredje bok, Jotunheimens løyndommar III - Mumiane. Dei tre bøkene utgjer ein trilogi.

 

Slik har det altså vorte. Vil du lesa meir om bøkene, sjekk "Les om og bestill fjellkrimmen". Fell det i smak, kan du bestilla bøkene her, då får du dei i posten.

 

Om meg    

Denne sida skal ikkje handla om meg, den skal handla om dei høgaste fjella våre – som etter mitt syn er indrefileten i norsk natur. Samstundes utleverer eg ein del tankar, idéar og synspunkt gjennom bloggen. Så om du lurer på kva slags snål type dette er, kjem nokre harde fakta under:

Fødd: 2.januar 1985

Kjem frå og bur i: Lærdal

Opphav (over to slektsledd): ¼ Lærdal, ¼ Ål i Hallingdal, ½ Eina på Toten

Familie: Simen (5 år)

Utdanna: Journalist, sjå CV her

 

Så vil eg seia litt om denne "fjellmanien". Korleis den er vorten til. Det starta som det ofte gjer - han far, eit par fetterar og ein onkel tok meg med på skiturar, fisketurar og hytteturar i dei glade barneåra. Me har ei lita bu på den gamle stølen vår heime i Lærdal - 10 kvadrat, kapasitet på tre vaksne personar som kjenner kvarandre brukbart +. Eg var her for første gong i 1992, sju år gamal. Det var trongt, til dels kummerleg, eg sov dårleg, veret var ruske på fisketuren. Men det var noko heilt spesielt.

 

Fem år etter tok onkel Sander meg med til denne bua over ein dagstur frå Årdal. Det er mitt første klare minne av synet av Hurrungane. Eg veit eg var på Turtagrø tre somrar før, men eg har ikkje noko spesielt minne av tindane då - veret var grått. Men denne dagen i 97, på veg opp frå Storevatnet i Årdal fortrylla desse tindane meg.

 

Nye fem år, og eg fekk min første 2000-metring. Onkel Sander sin favorittopp - Store Austabottind. Så vart det eit par skiturar med kompisar året etter - Ringstind og Soleiebottind. Nokre turar over 2000 vart det kvart år, og spesielt hugsar eg ein skitur til Gjertvasstind i 2007 med fem (?) kompisar. Denne toppen var verkeleg magisk. Året etter skulle eg skriva bacheloroppgåve på vårparten. Etter å ha brukt to av tre tilmålte månader på å jobba i Sogn Avis melda yr fantastisk maivér i fjellet. Så det vart ti dagar med om lag 25 2000-metringar i staden. Bacheloroppgåva gjekk "sånn der". Men dei ti dagane var hundre gonger meir verd enn ein A, B, eller C, for den saks skuld.

 

I 2015 (eitt år sidan i skrivande stund) var eg tilbake på Gjertvasstind. Og fekk det stadfesta - dette er den vakraste staden eg har vore på i Noreg. Så får me sjå om den held stand mot dei 183 andre. 

 

Til slutt litt lett lektyre. Eg er i alle fall slik at det eg finn særs interessant når eg les om andre, er topplister. Kva dei et, drikk, ser av filmar og slikt. Det er vel på grensa til ein slags «guilty pleasure», og som journalist burde eg naturlegvis sjå ned på slik banal «underhaldning». Men eg vel å tru at eg ikkje er heilt ulik «alle andre» der, så her kjem 5 x 10 favorittar:

 

Friluftsaktivitetar:

  1. Reinsjakt

  2. Tindesamling

  3. Hjortejakt

  4. Rupejakt

  5. Fjellfiske

 

2000-meterstoppar (kan/vil truleg bli justert)

  1. Gjertvasstind

  2. Store Ringstind

  3. Store Skagastølstind

  4. Mjølkedalstinden

  5. Skardstind

 

Middagsrettar:

  1. Ytrefilet av rein med ein feit, kraftig peparsaus, rørde tyttebær, fløytegratinerte poteter og smørdampa asparges

  2. Salta og varmrøykt fjellaure med gulrotpuré, ein søtsyrleg salat og potetsalat

  3. Pizza med kvit saus på creme fraiche og chili, skiva ytrefilet av hjort, spekeskinke av gris, blåmuggost, sjampinjong og potetskiver (variant av Birkebeinerpizza)

  4. Varmrøykt hjort med tyttebærrømme, ein søtsyrleg salat og potetsalat

  5. Rakfisk med kraftig kvitost, lauk, rømme, poteter og lefse

Drikke:

  1. Mjølk (Skumma eller Ekstra lett)

  2. Tunge, kraftige raudvinar

  3. Mørkt, tjukt, sterkt øl (Porter/staut)

  4. Akevitt

  5. Kaffi

 

Band:

  1. While she sleeps

  2. Parkway Drive

  3. In Flames

  4. Iron Maiden (fof nostalgi)

  5. Bullet for my valentine

 

Låtar:

  1. 18 and life (Skid Row)

  2. My sweet shadow (In Flames)

  3. Blood brothers (Iron Maiden)

  4. Tears don´t fall (Bullet for my valentine)

  5. The guilty party (While she sleeps)

 

Album:

  1. Reroute to remain (In Flames)

  2. Brave New World (Iron Maiden)

  3. Ire (Parkway Drive)

  4. Slave to the grind (Skid Row)

  5. Soundtrack to your escape (In Flames)

 

Krimbøker:

  1. Havfruen (Camilla Läckberg)

  2. Marekors (Jo Nesbø)

  3. Hevneren (Jan-Erik Fjell)

  4. Engler og demoner (Dan Brown)

  5. Snømannen (Jo Nesbø)

 

Filmar:

  1. Blood Diamond

  2. Madhouse

  3. Hannibal

  4. The exorcism of Emily Rose

  5. The life of David Gale

 

Seriar:

  1. Forbrytelsen 1

  2. Broen 1

  3. Homeland 1

  4. Fortitude

  5. Broen 3

 

Tusen takk til:

Ein realiserer sjeldan draumar i eit vakuum. Så eg vil nytta høvet til å takka dei som gjer det mogleg for meg å prøva å gjennomføra dette prosjektet:

- Simen (som har måtte godta ein pappa som brukar frykteleg mykje tid til fjells) og Renate (for støtte og stor fleksibilitet) 

- Onkel Sander og tante Kari (som stiller velvillig med husrom, mat, lokalkunnskap og køyring når eg hamnar i eit anna dalføre enn eg starta i)

- Fetter Sigurd og Hallvard (førstnemnde for personleg utstyrsrådgjeving, klatretrening og (vage) lovnader om å hjelpa til med klatretoppane. Sistnemnde for å vera turfølgje på fleire turar)

- Vegard, Bjørnar, Sæmund, Guro, Mette og Håvard (for svært god rådgjeving i høve forfattarskapen, særs filosofiske diskusjonar og husrom ved bybesøk

- Cato og Viktor (for teknisk rådgjeving og gode samtalar) 

 

Har du kommentar til, synspunkt på eller meiningar om nettsida/prosjekta? Skriv veldig gjerne ei attendemelding!

E-post: tindesamling@gmail.com                                  

Supert! Melding mottatt.

  • Facebook Basic Black
  • Instagram Basic Black
bottom of page