top of page

Botnliste: Fem 2000-toppar du kan droppa

Når ein har trava rundt i 2000-meterland gjer ein seg opp nokre meiningar om kva toppar ein vil attende til og kva perler som er å anbefala for andre. Og kva toppar som ikkje er det heilt store.


Merk at ein topptur blir sterkt prega av dagsform, vêr og tilhøve, så dette er i høgste grad subjektivt. Men det er sjølvsagt ikkje alle turane som har vore berre stas, og nokre få gonger har eg fundert på kvifor i alle dagar eg starta på dette prosjektet (men den tanken har vore høgst forbigåande, altså). I alle fall her; her er fem toppar eg sjølv ikkje skal tilbake til - nummer 1 er den eg tykte var seigast:


5. Spiterhøe

Tru det eller ei; dette er ein 2000-topp. Ein ser korleis skaren glinsar i snøen. Deileg. Denne litt selsomme turen hadde eg i april 2016.

Dette er toppen på ein rygg som ligg mellom Spiterstulen og Leirhøe. Rett nok ein ganske kort og heilt uproblematisk tur, men då eg gjekk dit – via Skautkampen og Skauthøe – var det eit forferdeleg skavleføre. Dessutan er både denne ruta og sjølve toppen ein ganske keisam affære.


4. Steinkollen

Legg ein godvilhen til så anar ein at dette er ein topp. Steinkollen vart besøkt og ganske fort gløymt i mai 2017.
Legg ein godviljen til så anar ein at dette er ein topp. Steinkollen vart besøkt og ganske fort gløymt i mai 2017.

Dette er ein liten avstikkar på den elles svært så fine turen frå Sota seter til Tverrådalskyrkja. Slik sett er det sjølvsagt å ta den med seg om ein samlar på 2000-toppar, men etter å ha gått den akkurat passe spannande ryggen til Tverrådalskyrkja blir denne steinhaugen eit betrakteleg antiklimaks.


3.Galdhøe

Galdhøe sett frå oppstigninga til Veslpiggen i juni 2016. "Toppen" er så flat at ein kan gå seg vill i steinrøysa på leit etter varden.
Galdhøe sett frå oppstigninga til Veslpiggen i juni 2016. "Toppen" er så flat at ein kan gå seg vill i steinrøysa på leit etter varden.

Den kortaste turen ein treng å gå for å koma på ein 2000-topp er Galdhøe. Frå Juvasshytta er dette ein rusletur opp ei ur, og så bortover ei ur. Det er det. Ein kan til og med «juksa» og ta trekket opp sommarskisenteret, så er det nesten ein horisontal topptur, noko som gjer Galdhøe enno mindre sjarmerande, i mine augo.


Men du får fin utsikt mot Galdhøpiggen og Veslpiggen då, det skal seiast


2. Blåbreahøene

Søre Blåbreahøe trur eg tek førsteplassen om ein skal kåra den mest anonyme 2000-toppen, her rusla eg over påska 2019.
Søre Blåbreahøe trur eg tek førsteplassen om ein skal kåra den mest anonyme 2000-toppen, her rusla eg over påska 2019.

Dette må vera dei mest anonyma 2000-toppane med primærfaktor minst 50. På ryggen mellom Styggehøbreaskardet og Surtningssue ligg dei; ein føler nesten at ein går ned på desse fordi toppane rundt er høgare, med god margin. Det gjer at også utsikta blir så som så. Keisame greier.


1. Midtre Skarvflytind

I motsetnad til dei andre nemnde her ser for så vidt Midtre Skarvflytind ut som ein slags topp. Men den er seig, eg lovar deg.
I motsetnad til dei andre nemnde her ser for så vidt Midtre Skarvflytind ut som ein slags topp. Men den er seig, eg lovar deg.

Det var eigentleg på grunn av Midtre Skarvflytind eg laga denne lista – for å få høve til å uttrykka kor meiningslaus denne er.


Det startar fint inn Leirungsdalen og opp på Tjønnholsoksle. Så er det litt småseigt ned i skaret mot Søre Skarvflytind og opp på denne. Så må ein følgja ryggen eit stykke ned – akkurat det er ikkje så verst – men deretter må ein laaangt ned i sida, som berre er røys – passera sjølve toppen – oppatt ei bratt, laus og fæl ur, og deretter til topps frå andre sida (ein kan unngå denne rundturen til slutt ved å klatra rett på eggen, rett skal vera rett). Så må ein gjera heile greia ei gong til for å koma seg nedatt.


Totalt er det snakk om drygt 1800 høgdemeter for å koma seg hit og tilbake. Eg skal aldri på Midtre Skarvflytind, den saken er grei.


Parallelt med tindesamlinga har eg skrive ein krimtrilogi med handling frå Jotunheimen og Sogn. Les meir om bøkene og eventuelt bestill ved å trykka her.


Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page