top of page

Det rullande trapeset

Diverre er eg både totalt avhengig av og tilsvarande uinteressert i bil. Det er vel også difor bilen min ser ut som den gjer.

Når folk spør meg kva bil eg har seier eg dei må googla. Mercedes Vaneo vart nemleg berre produsert frå 2002 til 2005. Ein kan jo berre spekulera i kvifor. Uansett; når resultatet av googlinga poppar opp på skjermen merkar eg det går dei to sekundane for mykje, før det kjem eit «Sikkert praktisk, da..», «Jøss, det er jo ein Mercedes», «Den der med lykter under frontruta er styggare» (Fiat Multipla, red anm).

For min del skal ein bil ta meg dit eg vil når eg vil så trygt det let seg gjera for minst mogleg totale kostnader. Alt anna er irrelevant. Det bér for så vidt også «bilparken» eg har hatt opp gjennom preg av. Første bilen min var ein Ford Sierra Pick Up eg fekk av ein fetter. Han ville berre bli kvitt den. Med unntak av at ein måtte sitja med øyreproppar når ein køyrde og at eg var ein smule bekymra for at politibilane eg titt og ofte møtte i Bergen sentrum (min dåverande opphaldsplass) ville stussa over den blå eksosen som kom ut på sidene av bilen, var den for så vidt kjekk nok så lenge den varde (halvannan månad). Dessutan tykte fatteren så synd i meg då bilen rauk at eg fekk hans gamle Golf. Den varde i 100 000 km frå eit utgangspunkt på 250 000, i all hovudsak takka vere ein kompis som kan bil. Så var det slutt på å bli sponsa av familien - den første bilen eg kjøpte sjølv vart ein Caddy. Den er eg slik passe nøgd med, særskild ettersom den fann det for godt å ta kvelden midt i rundkøyringa ved Oslo Bussterminal i fjor vår.

Det er her dette trapeset kjem inn. Eg måtte ha bil, og det kjapt. Finn.no. Budsjettet var 30 000, registerreima måtte vera skifta (ein av veldig få ting eg veit om bil er at denne ikkje bør ryka), bilen burde ikkje ha gått meir enn 120 000 km og det måtte minst vera halvanna år til neste EU-kontroll. Først og fremst var Citroen Berlingo, Peugeot Partner, Opel Combo, Ford Transit og Toyota Yaris Verso i søkjarlyset (Ja, eg lærde nokre bilmodellar i denne prosessen). Men det var stort sett eitt av krava som ikkje blei innfridd.

Så dukka den altså opp. Mercedes til 29 000 kr som berre hadde gått 101 000 km? Eg leita etter setninga som gjorde svært mange bilar uaktuelle for meg: «Har noen mangler, fordel med eier som kan skru litt». Men det stod ikkje noko slikt der. Tilsynelatande ingen manglar, og den var EU-godkjend i over to år! Litt googling munna ut i ein konklusjon om at Vaneoen ikkje var Mercedes-utviklarane sin mest stolte augneblink. Den blei ingen hit. Så prisen verka plutseleg ikkje så urimeleg rimeleg lenger. Eg ringde til fyren som selde den. Jaudå, bilen var heilt grei – han hadde kjøpt den for seks dagar sidan til eit engasjement i form av transport av mopedar han hadde fått og mista att like kjapt. Han var arbeidsledig, skilt og trong pengar. Fort. Plausibelt nok, tenkte eg og kjøpte like godt greia.

Første skikkelege testen – ein tur heim til Lærdal frå Oslo - vart eit lite mareritt. Det første eg gjorde etter eg kjøpte trapeset var å skifta olje på den (Altså, Snap Drive skifta olje). Og på veg opp på Sollihøgda gav panelet beskjed om at det var for mykje olje på. Dei hadde tydelegvis overdrive. Slikt hadde eg høyrd kunne herpa heile motoren. Eg stoppa på ein bensinstasjon på Sundvolden og spurde om dei visste korleis eg fekk tappa olje. Det gjorde dei ikkje. Bensinstasjonbetjentar er ikkje det dei ei gong var. Eg googla, utan å bli klokare. Så etter ein time på Essoen på Sundvolden kraup eg til korset og ringde bilkompisen. Det skulle vera veldig mykje for mykje olje for at det gjekk gale, var svaret. Så eg kraup vidare. Det var sikkert om og gjera å køyra litt sakte, tenkt eg og la maksfarten på 70. Eg tykte stadig det kom nye mystiske lydar frå motoren og følte bilen kom til å falla saman når som helst. Men eg kom meg heim – på knappe sju timar (det tek normalt fire).

Vaneoen er ingen terrengbil og måtte gje tapt for denne "bakken" i Leirdalen i mars.

No er dette eitt år sidan og bilen går (nesten) som ei klokke. I mi verd har eg no hatt den lenge nok til at den har påførd meg mindre gjennomsnittlege kostnader enn Caddyen, så om den ryk no er det inga krise (men absolutt kjipt nok).

Så – poenget er at eg gjerne skulle ha visst litt om bil. Sidan eg stort sett får/kjøper gamle vrak og veldig ofte køyrer bilen langt unna sivilisasjon ville det å vore greitt å vita korleis ein skiftar tennplugg, f.eks (som så vidt eg forstår ikkje skal vera heilt uoverkommeleg). Men berre eg ser nedi ein motor kjem ei sveittebye. Dei to tinga eg kan utføra i ein motor – skifta olje og spylarvæske – må eg trippelsjekka at eg ikkje blandar i hop behaldarane for når eg skal hella på.

Det handlar vel først og fremst om totalt fråver av interesse for bil. Slik i utgangspunktet forstår eg ikkje kva som gjer bilar så interessant. Men eg observerer at dei aller fleste rundt meg har minst ein liten fascinasjon for bil, kanskje utan å ville innrømma det heilt overfor meg – mellom anna fordi eg vel har lira av meg noko smått moralistisk om at «det må no finnast viktigare ting i verda enn bilar» innimellom. Opptil fleire familiemedllemmar har dukka plutseleg opp i bilar eg på ingen måte venta å sjå dei i.

På den andre sida er det sannsynlegvis tilsvarande vanskeleg for ein del å forstå interessene mine. Og eg brukar bra med pengar på det, ja. Randoskia og jaktrifla mi til saman kosta vel meir enn Vaneoen. Og sjølv om eg ikkje er spesielt interessert i turutstyr heller, har eg no sikkert kjøpt slikt over eit par år til ein sum som ville ha gjeve meg ein ganske grei bil.

Det er her eg tykkjer det er greitt å skilja mellom å forstå og ha forståing for. To ganske ulike ting (eller tilstandar), meiner eg. Musikk er eit godt døme. Eg likar tung rock. Alt mellom Deep Purple og Dimmu Borgir, plar eg seia. Lite anna. Men det er ein del musikk eg kan høyra har noko i seg. Mykje pop, også hip-hop, ja til og med trance (eller dance, eller kva det no heiter) kan eg høyra har eit eller anna fengande i seg. Då kan eg forstå at folk likar det. Men danseband, mykje country og ein del jazz klarar eg ikkje høyra nokon ting i. Absolutt ingenting. Då er det umogleg for meg å forstå kvifor nokon skulle lika dette. Men veldig mange gjer det jo. Så eg må nesten ha forståing for det. Og eg tenkjer at folk må no få høyra på kva dei vil (men hald det sistnemnde helst unna meg).

Og der har eg kome når det gjeld bilar også. Det ville vera snevert å ikkje ha ei forståing for at bilar interesserer andre. Å dra fram moralisten er ganske unødvendig. Men forstå kjem eg aldri til å gjera.

Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page