top of page

Trygg tur

Dei høge tindane, bratte snørennene og glitrande breane lokkar tusenvis kvar helg heile våren. Skredfare blir mykje omtala, og det er viktig og riktig. Men ein skal ikkje gløyma andre farar. Her er nokre enkle tips som kan gjera turen litt tryggare.

Skred i Ringsdalen som har starta med at store isblokker har losna frå isveggen som heng frå ryggen. Dette har vidare utløyst eit ikkje veldig stort snøskred - men isblokkene her er nok mange hundre kilo tunge, så ein vil ikkje hamna under dei.

For å ta dette med skred heilt kort først; bruk varsom.no! Følgjer ein med her og tek varsel og tips til etterretning er ein godt på veg. Samstundes bør ein vera klar over at det kan vera store lokale skilnader, så ein bør ha gode skredkunnskapar og vurdera tilhøva akkurat der ein er dersom ein ikkje tek ut ekstra tryggleiksmargin.

Eg gjer det siste – ved lumske tilhøve går eg på toppar der det skal vera meir eller mindre umogleg å hamna i skred. Det er vel også mitt beste tips til dei utan inngåande skredkunnskapar – det finst masse flotte toppar som er temmeleg trygge sjølv om skredfaren er av ein viss storleik. Kvitingskjølen, Rasletind, Kalvehøgdene, Høgdebrotet, Besshøe, Veslfjelltind, Veslbreatind og Storbreatind til dømes (om ein velgjer dei slakaste tilkomstane vel og merka).

Så er det nokre andre faremoment eg tykkjer det blir snakka lite om - skavlbrot, utgliding, bresprekkar og bråe véromslag. Difor nemner eg dei og nokre førebyggjande tips her:

  • Skavlbrot: Den siste fatale ulukka eg kjenner til i Jotunheimen, var eit skavlbrot. Veldig ofte ligg det overhengjande skavlar utover den eine kanten av ein rygg. Veldig ofte er det eit stup på gjerne mange hundre høgdemeter under denne skavlen. Det same gjeld heilt på toppen – svært mange av tindane er forma slik at ein kjem opp på ei slakare side og at motsett side er eit bratt stup. Veldig ofte ligg varden heilt ut mot stupet. Ut frå varden, over stupet, ligg det då gjerne ein skavl. Dei kan henga mange meter utover, ja faktisk fleire titals. Spesielt på toppar som verkar runde, slake og trygge er det lett å føla seg svært trygg. Nokre døme på dette er Veslbreatind, Besshøe, Tjønnholsoksle, Ringstindane og Bukkehøe Så går ein gjerne nokre meter forbi varden fordi snøen som ligg vidare utover stengjer litt for utsynet. Då står ein i praksis i lause lufta. Nesten utelukkande ser eg det går spor langt «forbi» varden på desse toppane. Fleire gonger har eg vinka tilbake folk som er på veg forbi varden når dei skal stilla seg opp for å bli tekne bilete av. Det går nesten alltid bra. Men dette er eit faremoment det er så lett å gå klar av at eg vel å vera litt moralist her.

Fire tips for å unngå skavlbrot:

  1. Sjå på kartet før og i løpet av turen. Då veit du kvar eventuelle stup er, og korleis varden ligg til.

  2. Gå aldri «forbi» varden.

  3. På ein smal rygg er det meir kinkig. Ofte får ein sett ryggen før ein går opp på den frå ein vinkel som gjer at ein får kartlagd kva side skavlen stikk ut på. Stikk det opp stein langs ryggen er det ein god regel å aldri gå utanfor «ytste» steinen. Dessutan har ryggane ofte lodrette stup på ei side, og ei side som er meir som ein bratt skrent (men altså ikkje stup). Ofte ligg skavlen ut mot stupet så ein har litt betre kontroll på terrenget under seg mot den «minst bratte» sida. Då kan ein gjerne halda ein tanke mot denne sida. (men her må ein vurdera kvart enkelt tilfelle nøye)

  4. Stol aldri blindt på spor folk har laga før – det er ikkje sikkert vedkomande har tenkt på kor vidt han/ho går på skavl. Kanskje er du tyngre enn vedkomande som gjekk før deg. Kanskje har det vorte varmare i løpet av dagen så skavlen har lettare for å bryta når du går der.

  • Bråe véromslag: Véret lever naturlegvis sitt eige liv. Ein får gjort fint lite med det, men ein kan både minimera risikoen for å hamna i dårleg vér, og gjera utfordringane betrakteleg mindre om til dømes uventa skodde gjer seg gjeldande ved å ta desse tre førehandsreglane:

  1. Vérmeldingar: Stort sett alle fjellfolk forheld seg vel til vérmeldingar, men det handlar også om å «bruka» vermeldingane mest mogleg fornuftig. For det første bør ein sjekka Yr og Storm så nær innpå turen som mogleg. Varsla kan sjå rimeleg annleis ut kvelden før ein dreg på tur kontra kva dei gjorde tre dagar tidlegare. Og – sjølv om det til dømes er klistra opp ei sol bak sky (lettskya) for destinasjonen, kan lettskya vér vera så mangt. Her har Yr ein nyttig funksjon: Trykker ein på «Time for time» når ein har søkt opp destinasjonen, kjem det opp eit underpunkt «Detaljert». Her får ein opp ein tabell som viser prosentmessig fordeling av skylag i fire kategoriar for kvar time to døgn framover: Tåke, lave skyer, mellomhøye skyer, høye skyer. Eg vil seia 100% høge skyer og ingenting eller lite av dei andre kategoriane er vesentleg betre enn 50% låge skyer. No skal naturlegvis denne prosentmessige fordelinga takast med ei stor klype salt – vérmeldingane er ikkje så finjustert at dette stemmer på prosenten og timen for akkurat den toppen ein søkjer på. Men det seier som regel noko ganske riktig om låge eller høgare skylag vil dominera. Og det er naturlegvis tåke og låge skylag som skapar trøbbel.

  2. GPS: Å ha ein slik for handa er kanskje mitt «hottaste» tips. Ein GPS kan gjera fleire potensielt farlege situasjonar vesentleg meir ufarlege. Står ein til dømes på ein topp og skodda plutseleg slår til blir det fort ubehageleg. På snø vil dei fleste tenkja at ein kan følgja spora sine tilbake, og det stemmer i dei fleste tilfeller. Men bles det opp føykar spora seg fort att. Har ein då stup på ein eller fleire kantar kan ein vera rimeleg hjelpelaus. Dersom ein derimot har ein GPS med sporloggen på, kan ein gå/køyra i spora sine tilbake. Har ein også ein GPS med kart (med høgdekotar) har ein full kontroll på kvar ein befinn seg i høve stup og brear. Dessutan er det frykteleg kjipt å snu når ein berre har 50 høgdemeter og 300 horisontale meter att til ein topp. Mange blir Severin Suveren i slike tilfeller, og med ein GPS med kart (som ein kan å bruka) vil ein også kunne «finna» toppunktet med vesentleg mindre risiko enn om ein ikkje har GPS. Ein kan også gjera betre vurderingar av ruteval undervegs med dette verktøyet for hand. PS: GPS erstattar aldri kart. Ein kan gå tom for batteri, GPSen kan bli øydelagd på turen osv. Dessutan får ein mykje betre oversikt over ein større del av terrenget med kart. Her gjeld altså «både-og».

  3. Nok klede, mat og vatn: Dette er «mammamoralen» som eg sjølv ofte slengjer ut eit «Jada» og tenkjer «masa» til. Men ho mor har jo ofte eit poeng – kjem det dårleg vér bør ein kunne klara seg nokre timar til vèret betrar seg, eller medan ein i verste fall ventar på hjelp. Eg har alltid ei dunjakke, ein ullgensar og ein overdel superundertøy som eg ikkje sveittar ut i sekken – då toler ein temmeleg mange minus i ein del timar. I tillegg er ein vindsekk eller jervenduk fint å ha, samt eit sitjeunderlag i isopor (lett og varmar godt). Matmengd må ein vurdera etter ei eige behov – og kanskje er nok vatn enno viktigare. Byrjar ein å bli dehydrert går det fort nedover med konsentrasjon og almenntilstand. Eg har alltid med 3 liter – det er ganske mykje, men for meg som sveittar som ein gris må det til.

Yr sitt detaljerte time-for-time-varsel er verdt å ta ein titt på. 23.mai er det altså meldt skya på Glittertind, og det er no så. Men at skyene i all hovudsak er tåke og låge skyer vil vera utordringa med å gå på tur på Glittertind denne dagen - hadde det vore 100% høge skyer og 0% tåke og låge skyer er sjansane for ein fin tur vesentleg betre. Det kan altså vera nokre nyansar som er verdt å vita om når det kjem til skya og lettskya vér

  • Bresprekkar: Glasiologi er eit eige fag, så for å læra meir inngåande om brear bør ein søkja andre kjelder. Fem enkle tips så ein får inntrykk av kva ein har med å gjera vil eg likevel dela:

  1. Gå over bre på «offisielle» ruter: Det finst mange velbrukte ruter over brear på vinteren og våren. Desse rutene er som regel rekna som temmeleg trygge. Samstundes må ein likevel vurdera utifrå snøtilhøva når ein faktisk skal gå.

  2. Høyr med lokalkjende: Då får ein gjerne rapport om dei rådande tilhøva på den aktuelle breen.

  3. Ver obs på varmegrader: Brear er tryggast å gå på når det er bra med snø og når det har vorte kaldare i véret etter ein varmare periode – dette fordi ein då får eit hardt skarelag som gjer snøbruene over sprekkarm eir stabile. På våren er det gjerne fleire plussgrader om dagen og minusgrader om natta, difor er morgonen beste tidspunkt for å gå på bre.

  4. Sjekk flyfoto. På til dømes Finn Kart ligg det svært gode flyfoto som syner sprekkmønsteret i breane. Det er svært viktig å hugsa at brear er i rørsle så nye sprekkar alltid kan oppstå – det kan altså vera annleis når ein faktisk går over breen enn det var då flyfotoet blei knipsa. Men ein kan skaffa seg eit generelt inntrykk ved å studera slike flyfoto.

  5. Ver obs på visse bre-/terrengformasjonar – les meir her.

Flyfoto/Hybrid på Finn Kart er nyttig for å sjå om breen du skal gå over er oppsprukken. Ein bre "lever", så sprekkmønsteret kan endra seg, men ein får i alle fall eit inntrykk. Ruta over Bjørnbrean er rekna som rimeleg trykk ved gode snøtilhøve, men breen er på ingen måte sprekk fri. Den øvste tverrsprekken mot toppeggen som ein ser av flyfotoet er den same som på biletet over.

  • Utgliding: Å gå i bratt terreng på hard skaresnø kan vera frykteleg ubehageleg - spesielt om ein går i ei bratta som går over i eit stup under seg. Mistenkjer ein at ein kan koma til å få slike tilhøve er stegjern/skarejern og/eller isøks veldig kjekt å ha. Eg har nesten alltid stegjern i sekken, ganske ofte isøks også. Plusset med isøks er at ein berre kan ta den i handa straks ubehagelegheitene melder seg, stegjern er gjerne litt seigt å styra med. Då er det også fort gjort å utsetja det litt for lenge – har ein først kome i bratta og står på klink skare er det nesten håplaust å få av seg sekken, dra ut stegjerna og festa dei på. Med andre ord bør ein ta dei på ei gong for mykje heller enn ei gong for lite, sjølv om det er litt kjedeleg.

Stegjern og isøks er kjekt å ha på skareføre i bratta.

«Det er kjipt, men ingen skam å snu».

Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page