Toppliste: 5 skiturar på enkle 2000-toppar

Når ein har trava rundt i 2000-meterland gjer ein seg opp nokre meiningar om kva toppar ein vil attende til og kva perler som er å anbefala for andre. Så her er nokre lister over mine favorittar.


Merk at ein topptur blir sterkt prega av dagsform, vêr og tilhøve, så dette er i høgste grad subjektivt. I tillegg prøver eg å tilgodesjå dei litt mindre kjende toppane ein tanke, sjølv om mange av klassikarane er uunngåelege å ta med.


Aller finast tykkjer eg det er å gå til topps på ski når det vårast. Landskapet tek seg enno betre ut i kvit drakt, det er meir behageleg å gå oppover på jamn snø enn i grove steinurar og ikkje minst er det mykje, mykje kjekkare nedatt. Om lag halvparten av alle toppane har eg gått på ski, ganske likt fordelt mellom randoturar og fjellskiturar. Så her kjem nokre ganske enkle – nummer ein er altså den eg likar best:


5. Midtre Høgvagltind

Midtre Høgvagltind stikk opp som ein kvit juvel når ein ser den frå Leirvassbu - her var eg i mars 2016.
Midtre Høgvagltind stikk opp som ein kvit juvel når ein ser den frå Leirvassbu - her var eg i mars 2016.

Denne toppen hadde eg ikkje veldig store forventingar til, men den overraska svært positivt! Litt sånn småtrått at ein må gå inn til Leirvassbu, men derifrå stikk Midtre Høgvagltind forlokkande opp baki der, mot sør.


Så er det eigentleg berre å gå rett mot den, men halda litt til venstre/mot aust, passera toppen på denne sida via breen som ligg der,

over austryggen og vinkla tilbake når ein kjem opp på sørryggen – vipps så er ein oppe.


Også utsikta var upåklageleg mot Rauddalstindane, Skarddalstindane, Kyrkja og vidare bakover. I tillegg er dette ein topp som funkar fint både med fjellski og rando – ein kan nesten stå i eitt rett nedatt til Leirvassbu om føret er raskt.


4. Galdebergtinden

Nøgd på toppbarden av Galdebergtinden påska 2016
Nøgd på toppbarden av Galdebergtinden påska 2016

Rett nok startar denne turen seigt med tre kilometer trasking på Bygdin – spesielt sidan det mest er ein randotopp. Men får ein

berre gjort unna den biten er resten pur lukkke.


Det er meir eller mindre ein einaste lang bakke opp frå Bygdin. Men så er det også ein skikkeleg flott bakke som endar utpå ein topp. Kanskje gjer den ikkje all verda utav seg nedanifrå, men den gjev ei utsikt over Jotunheimen ein ikkje får andre plassar fordi Galdebergtinden ligg eit stykke unna næraste "2000-nabo". Og den ligg heilt sør, så ein har utsikta mot dei andre innanfor 180 graders vinkel.


Det er ein brei flanke å boltra seg i under nedkøyringa på vel 1000 høgdemeter.


3. Kniven

Kniven blir litt anonym med Store Smørstabbtind ruvande bak seg - her sett frå Sokse i mai 2017.
Kniven blir litt anonym med Store Smørstabbtind ruvande bak seg - her sett frå Sokse i mai 2017.

Toppane rundt Smørstabbreen og Leirbreen er eit vårskieldorado i mai, når Sognefjellet har opna. Her kunne ein nesten ha plassert inn kva topp som helst; dei er fine, alle saman. Men eg held ein knapp på Leirbreen framfor Smørstabbreen – sistnemnde blir lang, flat og litt keisam, medan Leirbreen er kortare og har fin stigning heile vegen. Sokse, Skeie og Storebjørn blir litt meir krevjande, medan Kniven er ein veldig ukomplisert og flott topp for den som vil ha det litt enklare.


Det er noko heilt eige med utsikta her ettersom alle tindane skyt opp frå breen, og dei er alpine i utforminga også. Eit besøk til dette området er eit musst for den som vil oppleva 2000-land på ski.


2. Semelholstinden

Utsikta frå toppkrona på Semelholstind påska 2017 - den siste toppen eg tok på ski.
Utsikta frå toppkrona på Semelholstind påska 2022 - den siste toppen eg tok på ski.

Her får ein eigentleg alt ein vil ha på ein kort og ukomplisert tur. Litt transportetappe inn til Kyrkjetjønne og ein tanke seigt opp den litt steinete ryggen på vestsida av Visbreen, men veldig fint over sjølve breen og bort til foten av toppen. Ein tek som regel beina fatt opp siste biten og her kan ein gjerne rusla bort på 2130-toppen også, fordi det er så fint her oppe.


Det som gjer Semelholstinden spesielt fin er at ein kan leggja returen om Langvatnet og såleis gjera ein rundtur ut av det. Eg anbefalar absolutt det, for det er ein perfekt randoflanke heile vegen frå foten av toppen til Langvatnet – å stå nedatt om Visbreen blir meir baksete mellom anna på grunn av den litt steinete ryggen. Rett nok får ein noko trasking tilbake til Høgvaglen med denne varianten, men det er absolutt verdt det.


1. Søraustre Styggehøbreatind/Store Veotind

Ein av dei finaste rundane eg har hatt på ski var til området rundt Styggehøbreaskardet - her stikk Store Veotind majestetisk opp, sett frå Søre Veotind påska 2019.
Ein av dei finaste rundane eg har hatt på ski var til området rundt Styggehøbreaskardet - her stikk Store Veotind majestetisk opp, sett frå Søre Veotind påska 2019.

Her tykkjer eg at eg fann ei skjult perle, og då går desse rett til topps.


Tindane rundt Styggehøbreaskardet hadde eg høyrt fint lite om før eg var der sjølv, og det vart kanskje den mest positive overraskinga for meg på heile prosjektet.


Det er eit par «men». Det eine er at ein må koma seg til Glitterheim, og dit er det langt frå næraste parkeringsplass på vinteren/våren. Så anten går ein dit på ski frå til dømes Bessheim eller Spiterstulen, elles humpar ein inn på beltebil – ei oppleving i seg sjølv, om enn ikkje av den mest bekvemme sorten.


«Men» nummer to er at turen frå Glitterheim til Styggehøbrean ikkje er frykteleg spennande – dessutan må ein nedatt vel 100 høgdemeter når ein har runda Styggehøe.


Men så er alt fryd og gammen. Styggehøbrean er ein perfekt skibre – den har knapt sprekkar og har jamn, fin stigning heile vegen. Litt bratt i toppen, rett nok – og ein skal passa på ein bergschrund her, men eg var der heilt på tampen av skisesongen og tykte dette såg veldig greitt ut.


Så er Styggehøbreaskardet ein nydeleg plass å telta på i godt vêr – til og med på over 2000 moh. Her kan ein plukka toppar i både nord og sør. Eg fekk eigentleg to favorittar her, og det var Søraustre Styggehøbreatind – som både er enkel og har ei særprega utsikt mot den sylkvasse ryggen til 2220-toppen rett vest – og Store Veotinden, som kanskje er enno finare der den stig spisst opp frå breane rundt, men som det er såpass bratt å ta seg opp på at ein bør ha eit par stegjern med seg.


Uansett; heile området rundt Styggehøbreaskardet er eigentleg greia her.


Parallelt med tindesamlinga har eg skrive ein krimtrilogi med handling frå Jotunheimen og Sogn. Les meir om bøkene og eventuelt bestill ved å trykka her.


Utvalgt innlegg
Innlegg kommer snart
Følg med videre...
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square